Historisk arkiv

Debattinnlegg av samferdselsminister Dale: Eg ynskjer at tog frå Austre linje skal kunne køyre på Follobanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Debattinnlegg av samferdselsminister Jon Georg Dale, på trykk i Smaalenenes Avis 19. september 2018.

De siste dagane har det vore ei debatt i Smaalenenes Avis om tog frå Austre linje kan køyre Follobanen eller ikkje når den står klar. Mellom anna skriv Ole Andre Myhrvold (Sp) at mitt svar til Stortinget har gitt stor grunn til bekymring.

Det er ingen grunn til slik uro. Eg ynskjer at tog frå Austre linje skal kunne køyre på Follobanen. Infrastrukturen vert lagd til rette for det, og dei signala vi får frå vår fagetat Jernbanedirektoratet er at dette skal vere mogleg. Vi investerer ikkje fleire milliardar kroner for å ekskludere nokon frå å bruke den nye tunnelen. Togtilbodet skal bli betre for alle, også for dei som kjem frå Austre linje.

Den endelege formelle avgjerda skjer i samband med prosessen med å fordele kapasiteten omkring tidsplanen til jernbanen. I den endelege avklaringa om dette lar seg gjere i praksis skjer i samband med den etablerte årlege ruteplanprosessen, der Bane NOR fordeler kapasiteten etter at alle søknadene om ruteleier har komne inn. Vi må hugsa på at det i tillegg til toga frå Austre linje og er mange andre persontog og godstog som skal passere Ski stasjon, men i denne prosessen vil det altså bli tatt utgangspunkt i at Austre linje skal køyre Follobanen.