Historisk arkiv

Presseinvitasjon:

Digitaliseringsministeren til San Francisco

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Silicon Valley i USA og nokre av verdas fremste teknologiselskaper i sin aller første heile veke i ny jobb.

Besøket i USA varar i tre dagar frå 29.- 31. januar. 

Astrup skal mellom anna møte norske etablerarar og startups, store selskaper som Facebook og Google og dei som arbeider med innovasjon og forbetring av offentlege tenester i San Francisco. Statsråden skal dessuten leie eit round-table-møte på Stanford Business School om digitale fellesgoder-plattform.

- Eg gler meg til tre dagar med tettpakka program der eg får møte nokre av dei dyktigaste menneska i bransjen og få inspirasjon inn i den nye jobben. Eg har allereie med meg eit stort engasjement for digitalisering frå arbeidet som utviklingsminister. Vi må bli enda betre på å hauste dei gevinstane vi kan få fra digitalisering til beste for kvar einskild av oss, det offentlege og næringslivet, seier Nikolai Astrup.

Smart by, kunstig intelligens, blokkjedeteknologi og datasentera er og tema.

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner er pressekontakt på reisen og kan kontaktes på tlf. + 47 918 80 164.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00