Historisk arkiv

Ein milliard meir til fattigdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa følgjer opp og styrkjer handlingsplan mot fattigdom med vel ein milliard kroner i 2010.

Regjeringa følgjer opp og styrkjer handlingsplan mot fattigdom med vel ein milliard kroner i 2010.

Med Regjeringa sitt forslag i 2010-budsjettet har dei årlege løyvingane til tiltak mot fattigdom auka med 3,9 milliardar kroner frå 2006 til 2010.

– Vi har eit bredt førebyggjande perspektiv på fattigdom og legg vekt på å gjere noko med forhold som er med på å skape og oppretthalde fattigdom i oppvekstmiljø og utdanningssystem, arbeidsmarknad og arbeidsliv og i velferdsordningane, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

– Vi foreslår i statsbudsjettet for 2010 å styrkje innsatsområde som skule og barnehage. Regjeringa styrkjer også kommuneøkonomien i 2010. Det gir betre rammevilkår for å yte kommunale velferdstenester til dei som treng det mest, seier statsråden.

Regjeringa foreslår å styrkje løyvinga til dekning av kommunanes meirkostnader knytt til kvalifiseringsprogrammet med 209 millionar kroner, til 769 millionar kroner i 2010. Dette er ein følgje av at tilbodet om kvalifiseringsprogram blir tilgjengeleg for stadig fleire. Det blir i tillegg stilt ressursar til disposisjon for deltakarane i form av tiltak som Arbeids- og velferdsetaten har ansvaret for.

– Kvalifiseringsprogrammet er eit av dei viktigaste tiltaka i Regjeringas innsats mot fattigdom. Vi vil førebyggje og gi betre mogelegheiter for dei som i dag er avhengige av økonomisk sosialhjelp som hovudinntektskilde over lengre periodar. Formålet er å styrkje deltakaranes mogelegheit til å komme i arbeid, seier Bjarne Håkon Hanssen.

Regjeringa foreslår vidare å auke minsteytinga for rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad, frå 1,97 til 2 G, og å auke overgangsstønaden for einslege forsørgjarar, frå 1,97 til 2 G, frå 1. mai 2010. Rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad vil bli erstatta av arbeidsavklåringspengar frå 1. mars 2010.

Les meir i fagproposisjonane til Arbeids- og inkluderingsdepartementet og dei respektive fagdepartementa.

 

Satsinga i 2010 fordeler seg på følgjande tiltak (i millionar kroner):

Tiltak

Mill. kroner

Arbeid:

   Kvalifiseringsprogrammet (AID)

209,3

   Styrkje tilbakeføringa av innsette og domfelte til samfunnet (JD)

17,0

Barn og unge:

   Heilskapleg skuledag, gratis leksehjelp (KD)

177,6

   Auka gjennomføring av vidaregåande opplæring (KD)

58,0

Levekår:

   Bustøtte (KRD)

427,0

   Tiltak ovafor rusmiddelavhengige (HOD)

124,2

   Styrkjing av lavterskeltilbod for rettshjelpssøkjande (JD)

5,0

   Utviding av fylkesmannens tilsynsansvar (FAD, HOD)

10,5

Sum

1 028,6

 

Regjeringas styrkede innsats mot fattigdom 2006-2010

2006

2007

2008

2009

2010

Arbeid

42,9

259,9

464,4

980,1

1 206,4

Barn og unge

7,6

47,6

67,6

102,6

338,2

Levekår

483,3

935,8

1 102,4

1 828,7

2 395,4

Samlet styrking

533,8

1 243,3

1 634,4

2 911,4

3 940,0