Historisk arkiv

Endeleg fleire fjordhestar i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fleire fødde fjordhestføll og auka interesse for avl har gjeve fleire fjordhestar i Noreg. Stortinget har løyvt over 2,3 millionar kroner til Norsk Fjordhestesenter som har bidrege til meir systematisk og betre bevaringsarbeid av fjordhesten.

Fjordhesten er blant dei nasjonale hesterasane som er karakterisert som truga rasar i Noreg. No viser tal frå Norsk Hestesenter at det vart registrert 129 fødde fjordhesteføll i 2016, mot 83 året før. Det er godt nytt for hesterasen. Norsk Fjordhestesenter rapporterer at meir enn 70 prosent av hoppene vert drektige ved inseminering på seminstasjonen deira. Samanlikna med naturleg bedekning vert berre kring halvparten drektige.

Stortinget har løyvt over 2,3 millionar kroner til Norsk Fjordhestesenter som har bidrege til meir systematisk og betre bevaringsarbeid av fjordhesten. Foto: Landbruks- og matdepartemenetet.

Norsk Fjordhestesenter er nasjonalt kompetansesenter for Fjordhest, og har til føremål å fremme fjordhesten som nasjonal rase gjennom nasjonale mål og strategiar innan avl og bruk for fjordhesten. I dag er det kring 5000 fjordhestar i Noreg, og 70 000 i verda. Alle desse har felles opphav frå Nordfjord. Fjordhesten har sterke røter på Vestlandet og vert rekna som ein av dei eldste hesterasane i verda.

Raseorganisasjonane og dei nasjonale hestesentra samarbeider tett om bevaringsarbeidet av hesterasane. Bevaringsarbeidet har som mål å auke hestetalet i dei norske rasane.