Historisk arkiv

Enklare makrellreguleringar i 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik innfører ein ny og enklare modell for makrellfisket.

- Eg er særs nøgd med at vi etter mykje arbeid no har fått ein ny modell. Dette vil vere ei forenkling og forbetring som vil gjere livet lettare både for fiskarar, forvaltarar og organisasjonane i næringa, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik. 

Alle næringsorganisasjoner har vore positive til å forenkle makrellreguleringane.

- Eg vil gjerne gje ros til organisasjonane og til Fiskeridirektoratet for at dei har vore konstruktive i dette arbeidet. Sjølv om det kan bli behov for nokre små justeringar undervegs, er vi no på vei i rett retning, seier fiskeriministeren.

Noreg, EU og Færøyene inngikk 29. november ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 653.438 tonn makrell for 2019. Dette gir ein kvote til Noreg på 147.085 tonn. Av dette er det sett av 905 tonn til forsknings- og undervisningsføremål, 1 300 tonn til agnføremål og 674 tonn til rekrutteringsføremål.

Reguleringa er i all hovudsak ei vidareføring av fjorårets reguleringar. Unntaket er reguleringa av lukka kystgruppe, der det etter omfattande høyring er innført ein ny reguleringsmodell.

Reguleringsmodelle innheld fylgjande hovedelement;

  • Alle fartøy i lukka kystgruppe blir regulert som ei gruppe.

  • Full reiskapsfleksibilitet mellom not, garn, snøre og trål.

  • Alle fartøy får garanterte fartøykvoter, berekna på grunnlag av ei felles kvoteeining.

  • Maksimalkvotetillegg til fartøy med både største lengde og heimelslengde under 15 meter.

  • Fartøy med not som deltakaradgang, og med heimelslengde under 13 meter, får konvertert inn ei kvoteoverføring på 1 000 tonn frå ringnotflåten i kvotefaktorane sine.