Historisk arkiv

Enklare skattereglar for utanlandske arbeidstakarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår enklare skattereglar for utanlandske arbeidstakarar på mellombels opphald.

Skattlegging av utanlandske arbeidstakarar på mellombels opphald gjev mange feil og er samstundes ressurskrevjande for skattytar og for Skatteetaten. Det kjem mellom anna av at regelverket er komplisert, at informasjonsgrunnlaget er mangelfullt og at etterlevinga ikkje er god nok. I tillegg er innkrevjing av restskattar vanskeleg arbeid og kontrollkapasiteten avgrensa. Difor foreslår regjeringa enklare skattereglar.

Forslaget går i korte trekk ut på at lønsinntekter vert skattlagt etter ein bruttometode med ein fast sats på 25 prosent. Skattytar får ingen frådrag i skattegrunnlaget. Skatten vert fastsett fortlaupande ved arbeidsgivar sitt trekk og melding til Skatteetaten. Skattytar skal ikkje levere skattemelding for inntekter som vert skattlagt i ordninga. Ordninga gjeld ikkje for dei som har inntekter over trinn tre i trinnskatten eller  for dei som har inntekt frå verksemd. Den nye ordninga er valfri. Det inneber at skattytar kan velje skattlegging etter dei ordinære reglane i skatteloven.

Regjeringa foreslår òg å oppheve det særlege standardfrådraget for utanlandske arbeidstakarar. Sokkelarbeidarar og utanlandske sjøfolk får behalde frådraget fordi dei ikkje kan inngå i den nye ordninga.

Les meir i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga kapittel 4.