Historisk arkiv

Etterlyser prosjekt som brukar satellittdata

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Innovasjon Norge løyver no ut midlar til prosjekt og aktørar som ønskjer å utvikle produkt og tenester basert på data og informasjon frå satellittar.

Idéar til gode forprosjekt kan bli støtta med opptil ein halv million kroner. Søknadsfristen er 15. september 2017.

Data og signal frå satellittar har blitt meir tilgjengelege. Bruk av informasjon frå satellittar skapar heilt nye moglegheiter for samfunnsnyttige løysningar, auka konkurransekraft og verdiskaping. 

Utlysinga er open for alle bransjar og sektorar. Aktuelle område er mellom anna overvaking av jordbruk og vegetasjon, naturvern og beredskap når det gjeld naturkatastrofar,  god kvalitet av vatn, marin tryggleik, transport, byplanlegging og vêrvarsling. 

Forskning.
Forskning. Foto: Colourbox

Innovasjon Norge set av midlar til forprosjekt for utvikling av heilt nye produkt, tenester og løysningar innan data og signal som ikkje finst på marknaden i dag. Innovasjon Norge vil prioritere forprosjekt som dei trur har gode moglegheiter for å bli realisert i eit vidare hovudprosjekt gjennom innovasjonkontraktar eller miljøteknologiordninga. 

Informasjonsmøte for interesserte søkjarar blir heldt hjå Innovasjon Norge, Akersgaten 13, Oslo, tirsdag den 22. august kl 08.30-10.00. Det vil bli moglegheit for å møte Norsk Romsenteret og Innovasjon Norge etter felles presentasjon.