Historisk arkiv

Felling av ulv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljødepartementet opnar for lisensfelling av to ulveflokkar denne vinteren. I tillegg er det fatta eit nytt vedtak om lisensfelling av ulv utanfor ulvesona.

- Eg har i dag vedteke å opne for lisensfelling av to ulveflokkar som hovudsakleg har revir utanfor ulvesona. I tillegg er det fatta eit nytt vedtak om lisensfelling av ulv utanfor ulvesona i Hedmark og Akershus, som rettar opp de manglane Oslo tingrett har påpeika, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen.

Opnar for lisensfelling av to ulveflokkar

Det blir opna for lisensfelling av dei to ulveflokkane i Julussa- og Osdalsreviret, som begge hovudsakleg ligg utanfor ulvesona i Hedmark, frå 1. januar 2018. Dette er i samsvar med prinsippet om differensiert forvalting som skal sikre tydelege soner der beitedyr har prioritet og der ulv har prioritet. Inntil 16 ulvar kan fellast i desse revira. Med dette blir det opna for lisensfelling av totalt 42 ulvar i Norge denne vinteren.

-Eg har lagt stor vekt på dei føringane Stortinget la i vår og på prinsippet om geografisk differensiert forvalting. Det er vurdert som ei offentleg interesse av vesentleg vekt at det i liten grad skal være ulv utanfor ulvesona, seier Helgesen.

Rovviltnemndene opna i sitt vedtak for felling av Slettåsflokken, som er et grenserevir mot Sverige og der den norske delen av reviret er heilt innanfor ulvesona. Departementet endrar denne delen av nemndenes vedtak og tillet ikkje felling av Slettåsflokken.

- Dei omsyn som talar for felling av Slettåsflokken er ikkje så sterke at det er rettsleg grunnlag for slik felling. Innanfor sona er det klart forutsett frå Stortinget at terskelen for felling skal være høg. 

Departementet har også fått oppdaterte faglege tilrådingar frå Miljødirektoratet som blant anna gir ei vurdering av om vi vil nå bestandsmålet neste år og ei vurdering av om uttaket vil truge bestandens overleving.

Nytt vedtak utenfor ulvesona

Oslo tingrett stansa 21. november lisensfellinga av 12 ulvar utanfor ulvesona i region 4 og 5. Klima- og miljødepartementet har no fatta eit nytt vedtak med samme kvote i denne saka, som rettar opp dei feila tingretten har peika på i det opprinnelege vedtaket.

- Det nye vedtaket om lisensfelling av 12 ulvar utanfor ulvesona i region 4 og 5 er basert på ei brei utgreiing og vurdering av vilkåret om at uttaket ikkje må true bestandens moglegheit til å overleve. Tingretten meinte vurderinga av dette vilkåret ikkje var tilfredsstillande i det opprinnelege vedtaket, seier Helgesen.

I forkant av dette nye vedtaket har departementet, av omsyn til god forvaltningsskikk, bede om eventuelle synspunkt frå dei som klaga på det opprinnelege vedtaket. I innspelsrunden har det ikkje kome ny informasjon som har endra vårt syn i saka. 

Skadefelling

Rovviltnemndene i region 4 og 5 har også vedteke kvote for skadefelling av ulv. Vedtaket blei påklaga til departementet, som har oppretthalde nemndene sine vedtak.

-Ulvar som eventuelt blir felt av kvoten for skadefelling blir trekte frå lisensfellingskvoten og motsett. Dette vedtaket inneber dermed ikkje at fleire ulvar kan fellast. Eg meiner det er naudsynt å ha rom for skadefelling dersom ulv til dømes gjer stor skade på tamrein i løpet av vinteren, seier Helgesen.

Departementet har også avgjort klager på Miljødirektoratets avslag om skadefelling av ulvane i Slettåsreviret, og oppretthalde direktoratets vedtak. Det er ikkje funne grunnlag for at desse ulvane utgjer noko særskilt fare for menneske som skil dei frå andre skandinaviske ulvar.

Dei regionale rovviltnemndene opna i år for lisensfelling av totalt 50 ulvar. Inntil 24 av desse er knytte til tre ulveflokkar, og dei øvrige 26 ulvane gjeld område utanfor ulvesona og utanfor etablerte ulverevir.

-       3 ulvar i region 1 (Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Sogn og Fjordane)

-       2 ulvar i region 2 (Aust-Agder, Vestfold, Buskerud, Telemark)

-       7 ulvar i region 3 (Oppland)

-       12 ulvar i region 4 (Oslo, Akershus, Østfold) og 5 (Hedmark) utanfor ulvesona og utanfor etablerte ulverevir

-       24 ulvar i region 4 (Oslo, Akershus, Østfold) og 5 (Hedmark) innanfor ulvesona og innanfor etablerte ulverevir

-       2 ulvar i region 6 (Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal)

Lisensfellinga i region 1, 2, 3 og 6 er endeleg avgjort og pågår. Klima- og miljødepartementet har i dag fatta vedtak i dei to sakene som gjeld region 4 og 5.

Miljødirektoratets oppdaterte faglege tilrådingar:

Oppdatert fagleg tilråding for bestandens overleving (pdf)
Oppdatert fagleg tilråding for ulv (pdf)
Vedlegg fagleg tilråding (pdf)

Vedtak:

Vedtak om lisensfelling utenfor sonen (pdf)
Vedtak om lisensfelling innenfor revir (pdf)
Avgjørelse av klage på vedtak om kvote for betinget skadefelling av ulv i region 4 og 5 (pdf)
Avgjørelse av klage på avslag på søknad om skadefelling på ulv i Slettåsreviret (pdf)

Synspunkt frå dei som klaga på vedtaket:

Norges jeger- og fiskeforbund (pdf)
NOAH med fleir (pdf)
Norges Bondelag (pdf)
Norges skogeierforbund (pdf)
Norsk bonde- og småbrukarlag (pdf)
NORSKOG (pdf)
Rovviltets Røst (pdf)
USS (pdf)
WWF (pdf)