Historisk arkiv

Fjærmidd påvist hos hobbyfjørfe for første gong i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er gjort funn av ein ny type fjærmidd på fjørfe i Sogn og Fjordane. Parasitten, som ikkje er påvist i Noreg tidlegare, kan føre til sjukdom hos både høns og andre fugleartar.

Mattilsynet vil ikkje pålegge restriksjonar på dyrehald som er smitta, men er bekymra over nye parasittar i Noreg. Ein bør difor kontakte veterinær ved eventuelt funn av parasittar. 

Høne
Det er gjort funn av ein ny type fjærmidd på fjørfe i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Foto: Landbruks- og matdepartementet