Historisk arkiv

Fleire kommunar set matomsorg for eldre på dagsorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fleire ordførarar i Noreg set no matomsorg for eldre på dagsorden etter landbruks- og matminister Jon Georg Dale si oppmoding. I samband med konkurransen Gylne Måltidsaugeblikk oppmoda Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ordførarane i Noreg til å tipse om gode måltidsløysingar for eldre som bur heime, og setje matomsorg for eldre på dagsorden i kommunestyret.

– God mat er avgjerande for å møte eldrebølga som kjem om få år. Når fleire vil bu heime, er det viktig å tilby måltid som gjev eldre måltidsglede og rett ernæring, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Han oppmoder om å få matomsorg høgt på dagsordenen i kommunestyremøta til hausten.

Stavanger og Vegårdshei er blant kommunane som har teke statsråden si oppmoding.

Ordføraren i Vegårshei har mellom anna nominert Helse- og omsorgseininga i Vegårshei kommune til konkurransen Gylne Måltidsaugeblikk i år. Omsorgssenteret har eige kjøken der måltid til bebuarane på sjukeheimen blir laga. Tre dagar i veka blir nylaga varm middag køyrt ut til eldre som bur heime. Dei eldre får eit sunt, velsmakande måltid i tillegg til at dei friviljuge sjåførane kan sjå til at dei eldre har det bra.

I Stavanger er det levekårsjefen som fortel departementet om sitt opplegg. Prosjektet "God Helse Hjemme" har merksemd på kva som må til for å ta gode helseval og vil redusere feil- og underernæring hjå pasientar med kols. Begge kommunane har laga film for å informere dei eldre og deira familie om tilbodet.