Historisk arkiv

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø opnar nytt forskingssenter i Data Science i Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 18. desember opnar forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø Center for Data Science ved Universitetet i Bergen.

Center for Data Science vil ligge ved Institutt for informatikk og fokusere på korleis  ein kan trekke nyttig informasjon ut av store og komplekse datamengder, noko som blir stadig meir viktig på fleire område i samfunnet. Senteret blir òg ein spydspiss i eit samarbeid med fleire andre norske institusjonar om å forske på kunstig intelligens.

Statsråden vil òg besøke Alrek Helseklynge og få ein presentasjon av arbeidet der. 

Klokka 10.00 – 11.30

Statsråden opnar Center for Data Science ved Universitetet i Bergen.

Adresse: Thormøhlens gate 55, Bergen.

 

Klokka 13.00 – 13.40

Statsråden får sjå seg om på Alrek Helseklynge.

Adresse: Armauer Hansens Hus, 4 etasje, Haukelandsveien 28, Bergen.

Det blir høve til å intervjue statstråd Nybø begge stader.  

Kontakt:
Journalistar som ønsker å vere til stades kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset, mob. 93435930. Mail: rask@kd.dep.no