Historisk arkiv

Forslag om endring i akvakulturloven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Det er rimeleg at samfunnet får noko tilbake i form av vederlag når oppdrettaren blir tildelt eit nytt løyve som kan seljast og har ein verdi i andrehandsmarknaden. Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på gjeldande løyve som regjeringa legg opp til i 2010, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen.

Regjeringa vil ha ein moderat vekst i  oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2010, og veksten skal takast ut i form av auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve. Regjeringa ønskjer at tilbodet om auka kapasitet skal givast mot vederlag til staten.

Difor legg no regjeringa fram eit forslag om endring i akvakulturloven for Stortinget. Forslaget inneber at det kan takast vederlag også for auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.
Akvakulturloven gir i dag heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve, men ikkje til å ta vederlag for ein auke i omfanget av eit gjeldande løyve.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim, 22 24 64 61

Prop. 18L (2009-2010) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endring i akvakulturloven (pdf-format)