Forslag til mellombelse endringar i barnevernlova for å handtere auken av flyktningar frå Ukraina til Noreg

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Det er venta at det kan komme eit stort tal barn til Noreg samtidig. Dei kan trenge hjelp frå barnevernet. For å gjere tenestene i stand til å ta imot fleire barn på kort tid, foreslår regjeringa i dag naudsynte tilpassingar.

– Barn på flukt er ei svært sårbar gruppe, og særleg barn som flyktar utan omsorgspersonar. Fleire barn som flyktar til Noreg vil trenge hjelp og støtte frå barnevernet. Vi må ha eit godt system som varetar dei, og som er fleksibelt nok til å gi alle dei som kjem eit godt tilbod, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Krav til rettstryggleik ligg fast

Dagens dispensasjonsreglar gir i hovudsak naudsynt fleksibilitet til å handtere ein stor auke i talet på barn som kjem til omsorgssentera. Viss det kjem eit stort tal barn til Noreg samtidig kan likevel belastinga på tenestene framover bli for store, og føre til uføreseielege tenester frå barnevernet. Regjeringa føreslår derfor naudsynte tilpassingar i regelverket for å gjere systemet meir fleksibelt.

– Eit viktig lovforslag er at Bufetat skal kunne velje å tilby barn som kjem til Noreg utan foreldre ein privat heim i staden for plass på eit omsorgssenter. Særleg for små barn kan dette vere ein god løysing. Statsforvaltaren sitt tilsynsansvar med omsorgssentera skal liggje fast, men vi tar i denne ekstraordinære situasjonen sikte på å fastsetje ei mellombels forskrift som opnar for at statsforvaltaren sjølv skal vurdere kor mange stadlege tilsyn dei skal føre per år, seier Toppe.

Regjeringa føreslår òg einskilde unntak frå krav til bestemte tal på oppfølgings- og tilsynsbesøk og tidsfristar for det kommunale barnevernet. Målet er at både statsforvaltarane og kommunane skal få auka fleksibilitet til å prioritere bruk av ressursar best mogleg, seier Toppe.

Forslaga har vore på høyring. Om lag 30 høyringsinstansar har uttala seg om forslaga som gjeld endringar i barnevernlova. På bakgrunn av høyringa er einskilde av forslaga justerte i ei retning som styrkjer rettstryggleiken for barna.

– Eg har vurdert forslaga opp mot menneskerettslege forpliktingar. Forslaga går ut på å fjerne flaskehalsar og gjere systemet i stand til å handtere ein auke av barn, men det er ein grunnleggande føresetnad i forslaga at behova til desse sårbare barna skal varetakast, og at krav til rettstryggleik blir oppretthaldt, seier Toppe.

Nokon av endringane som blir føreslått:

  • Bufetat sine omsorgssenter varetek einslege mindreårige i dag. Særleg for små barn vil det vere betre å bu i ein heim medan ein venter på busetting. Regjeringa føreslår at Bufetat skal kunne gi barn eit familiebasert tilbod i staden for plass i omsorgssenter. Heimen skal følgje dei same krava som til fosterheimar. Bufetat vil behalde det overordna omsorgsansvaret for barnet, og få ansvar for godkjenning av heimen og oppfølging av heimen og barnet. Regjeringa føreslår å ta inn ein heimel til å innhente politiattest for dei som skal vareta barnet i det familiebaserte butilbodet.
  • Tilsyn er viktig for å vareta rettstryggleiken til barna. Ein vesentleg auke i talet på barn vil utfordre statsforvaltaren sine ressursar til å oppfylle plikta til talet på stadlege tilsyn per år. Difor vil departementet fastsetje eit unntak frå kravet om eit bestemt tal på tilsynsbesøk i omsorgssenter og private heimar slik at statsforvaltaren skal vurdere kor mange stadlege tilsyn dei skal føre per år. Unntaka gjeld berre der det er naudsynt for at statsforvaltaren skal kunne prioritere sine tilsynsoppgåver på ein god måte, og det bør vere stadlege tilsyn ved oppstart av nye omsorgssenter. Departementet vil be Helsetilsynet om å følgje med på statsforvaltaren sin tilsynspraksis.   
  • For å sikre at det kommunale barnevernet i ein pressa situasjon har større fleksibilitet til å prioritere sine ressursar til det beste for alle barn i barnevernet, blir det føreslått einskilde endringar i krav til bestemte tal på oppfølgings- og tilsynsbesøk og tidsfristar. Dette vil gi barnevernstenesta auka moglegheit til å prioritere bruk av ressursar på ein best mogleg måte.

Dei mellombelse endringane skal gjelde fram til 1. juli 2023. Det blir føreslått tilsvarande endringar i ny barnevernslov. Einskilde av endringane vil bli fastsett av departementet i ei mellombels forskrift.

Det er ein høg terskel for å ta i bruk endringane. Unntaka vil berre kunne takast i bruk når det på grunn av eit høgt tal personar fordrivne frå Ukraina til Noreg er naudsynt for å yte tenester til barn. Per nå er ikkje det naudsynt.

Etter innspel i høyringa er einskilde forslag tatt ut:

  • Forslaget om å fjerne plikta til å fatte vedtak om korleis barnet skal følgjast opp på den tida barnet oppheld seg på omsorgssenteret eller i eit familiebasert butilbod blir ikkje oppretthaldt. Regjeringa føreslår likevel at fristen blir utvida frå 3 til 5 veker for omsorgssenteret til å lage eit utkast til oppfølgingsvedtak, og 6 til 10 veker for Bufetat til å fatte eit vedtak om oppfølging.
  • Departementet går bort frå forslaget om å gi unntak frå kravet om at naudsynt opplæring av fosterforeldre skal vere gjennomført før barnet har flytta inn. Departementet vil heller sjå på om innhaldet i opplæringa kan leggjast om med sikte på raskare gjennomføring av opplæringa.