Historisk arkiv

Friskmelder Lærdalselvi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Etter ein tjue år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Lærdalselvi, er elva endeleg friskmeldt.

-Dette er ein gledens dag! No kan entusiastiske laksefiskarar i inn- og utland glede seg over gode fiskeopplevingar i Lærdalselvi, seier ein nøgd klima- og miljøminister, Vidar Helgesen.

Lærdalselvi i Sogn og Fjordane er ei ikonelv for laksefiskarar både i inn- og utland. Det var derfor svært skuffande for mange da lakseparasitten vart oppdaga i vassdraget i 1996. Sidan den gongen har arbeidet med å bli kvitt parasitten ført til mange tilbakeslag.

Ein formidabel innsats frå mange aktørar har gitt resultat. No er elva friskmeld etter vellykka behandling med den nye aluminiumsmetoden. Dette er fyrste gongen ein lykkast med å nedkjempe gyro med noko anna enn rotenon.

-Eg er stolt over det arbeidet og den innsatsen som er lagt ned for Lærdalselvi. Eg vil få takke alle som har bidratt til at vi igjen har ei frisk elv med masse stor laks – og ein ny, alternativ metode i kampen mot lakseparasitten, seier Helgesen.

Nedkjempinga i Lærdalselvi har også vore viktig for å hindre at parasitten spreier seg til andre lakseelvar i Sognefjorden. Ikkje minst er det viktig for lokalsamfunnet i Lærdal og alle dei som lever av lokal næringsutvikling knytt til lakseturismen.

Laks i Lærdalselvi
Laks i Lærdalselvi Foto: Sigurd Hytterød, Veterinærinstituttet

Det nasjonale arbeidet med å utrydde gyro

Målet er å utrydde parasitten frå alle infiserte vassdrag og hindre vidare spreiing. I Noreg har G.salaris vore påvist i 50 vassdrag fordelt på 17 regionar. I dag er 32 vassdrag friskmelde, 11 ventar på friskmelding og sju vassdrag er fortsatt infisert (fire i Drivaregionen og tre i Drammensregionen).

Friskmelding i Vefsna

For nokre veker sidan vart også ni av ti elvar i Vefsnaregionen i Nordland friskmeld etter den største rotenonbehandlinga i Noreg.

-Desse to friskmeldingane syner at den nasjonale strategien har vore ein suksess. No er vi er eit langt skritt nærare å utrydde parasitten i Norge, seier Helgesen.

Involverte fagmiljø

Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for å nedkjempe parasitten, og har finansiert metodeutviklinga og dei kjemiske behandlingane.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane var ansvarleg for tiltaket då elva vart behandla i 2011 og 2012. Norsk institutt for vannforskning (NIVA) – saman med Veterinærinstituttet og fleire samarbeidspartnarar – behandla elva med aluminium.

Dei siste fem åra har Veterinærinstituttet, på oppdrag frå Mattilsynet, gjennomført friskmeldingsprogrammet i vassdraget.

Les  meir på Miljødirektoratet si nettside.

 

Lakseparasitten Gyrodactilus Salaris
Nærbilde av lakseparasitten Gyrodactilus Salaris Foto: Jannicke Wiik Nielsen, Veterinærinstituttet