Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om skogsamarbeid over eigedomsgrensene.

Skogsamarbeid over eigedomsgrensene

Prosjektet «Eigedomsoverbyggande skogsamarbeid» skal byggja kompetanse og utvikla konsept for meir effektiv og berekraftig skogforvalting. Både skogeigarar og forvalting er positive. 

Aktivitet i skogen.
Aktivitet i skogen. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland ynskjer skogeigarane av 3 pilotområde i Hordaland å sjå på moglegheiter for felles forvalting av eigedomane. Dei første møta på Voss og i Bergen er gjennomførde. Interessa for prosjektet er stort og engasjementet hos skogeigarane positivt. 

Skogbruk på Vestlandet 

Som produktivt skogareal på Vestlandet i dag reknar vi i all hovudsak skogreisingsskogen av gran. Noko av skogen har dimensjonar som er klar for hogst, medan noko av skogen framleis er for ung. Marknadsprisane for tømmer går opp og ned og tømmerkjøparane må tilpassa seg desse endringane. Mykje av tømmeret i dag vert frakta lange vegar med båt, til mellom anna Tyskland. Om hogsten er godt planlagd og skjer ved rett trealder, og tømmeret vert transportert rasjonelt til bilveg eller kai, er det god økonomi for skogeigaren og samfunnet. Likeins kan ein sjå dårleg økonomi ved hogst av for ung skog eller i område utan infrastruktur. Hogst av for ung skog skjer til dømes for å finansiera dei nybygde skogsvegane, eller at naboen høgg og ein sjølv seier ja til hogst på same tid for å spare flyttekostnader. 

Den einskilde skogeigaren bør alltid ta avgjersler for skogteigen, men har han sjølv kompetansen? Er det rett tidspunkt for hogst, bør han plante gran eller andre treslag - eller skal han tilpassa hogstforma slik at naturen sjølv gjev tilbod om ny forynging? Kan ung og eldre skog tynnast for å sikre større stabilitet mot vinterstormane som allereie har øydelagt store investeringar og framtidig inntekt? Kva med stadig strengare omsyn til biomangfald og friluftslivinteresser? 

Meir og betre rådgjeving til skogeigarane 

Ein står altså overfor store oppgåver når det gjeld rådgjeving til skogeigarane om til dømes forynging, skjøtsel, vegbygging, hogst og økonomi. Rådgjeving må vera meir enn berre å fylla ut tilskotsskjema og godkjenna skogsvegar. Rådgjevinga må i større grad gje skogfaglege råd om berekraftig skogsdrift og større inntekter for skogeigarane og samfunnet enn i dag. Fordi eigedomane er små og terrengtilhøve på Vestlandet er særs utfordrande, vil ein truleg lukkast betre med samarbeid på tvers av eigedomsgrensene. 

Prosjektet har som mål å etablera større forvaltingseiningar eigd av skogeigarane, for ei meir heilskapleg rasjonell forvalting og drift av skogane. Dei kommunale skogbrukssjefane, i samarbeid med skogeigarane i pilotområda, utviklar no konsept for meir skogsamarbeid og aktiv rådgjeving på tvers av eigedomsgrensene. Prosjektet vil vare i tre år.   

Mykje av vegen vert til undervegs. Dette er nybrotsarbeid på Vestlandet og i Noreg. Etter at eit frivillig samarbeid er på plass, vil ein diskutera med skogeigarane korleis dei ynskjer å utvikla framtidsskogen. Kva slags ambisjonar har dei for skogsdrift og korleis kan eit samarbeid bli varig, nyttig og meir forpliktande for den einskilde eigar? Me ynskjer å byggja kompetanse og hausta erfaringar i alle ledd, og slik oppnå ein vinn-vinn-situasjon for eigarane, næringa og forvaltinga.

Bondeboka.no 

Nettstaden bondeboka.no gjev oversikt over definisjonar, regelverk og ordningar knytt til å eiga og å driva gard. 

Bondeboka.no
Bondeboka.no Foto: Bastian Hoffmann

Bondeboka.no har gode forklaringar på sentrale problemstillingar som gardbrukaren møter på. Slik kan nye brukarar få ein betre start, og den kommunale forvaltninga vil kunna få ein meir effektiv kvardag utan å måtta svara på for mange detaljspørsmål. 

I tillegg til oversikt over definisjonar, regelverk og ordningar har bondeboka.no gode forklaringar på uttrykk og strukturar innanfor dei enkelte produksjonane som er typiske på Vestlandet. 

Rom for vidareutvikling 

Bondeboka.no kan vidareutviklast med fleire kapittel dersom det er ynskje frå fylke og regionar om å få inn andre produksjonar. 

Bondeboka har vore introdusert i Hordaland som papirversjon fyrste gong i 2010 som Bondens ABC/Handbok til bonden. Sidan den gongen har boka vore etterspurt av både den kommunale landbruksforvaltinga og gardbrukarar.

Kort veg til gode hjelparar – handbok i gründerhjelp

Handboka «Kort veg til gode hjelparar» gjev innspel og råd om korleis du kan bidra til innovasjon og bedriftsutvikling på ein god og mindre tidkrevjande måte. 

Handbok for gründerhjelparen.
Handbok for gründerhjelparen. Foto: Ragna Flotve

Varierande kompetanse i vegleiing 

Den som ikkje har sitt daglege virke i vegleiingstenesta har også sjeldan spisskompetanse innanfor området. Rett hjelp til rett tid frå rett instans kan ha svært mykje og seia for ei bedriftsetablering. Mange kommunar ynskjer eit kompetanseløft og har etterspurt matnyttig informasjon om korleis ein kan møta gründeren på ein god måte. Handboka brukar landbruksbaserte næringar som utgangspunkt og eksempel, og rettar seg mot kommunetilsette som arbeider med næringsrådgjeving, men kanskje ikkje kvar dag. 

Frå handtrykk og kroppsspråk til forretningsmodell 

Handboka har eit mangfald av emne, som spenner frå tilrettelegging og kommunikasjon til bruk av ulike verktøy. Det vert også oppfordra til aktiv nettverkbygging. Bruk av nyttige nettverk skapar auka kompetanse og betre kvalitet i vegleiingsarbeidet.

Rekruttering for meir økologisk frukt frå Hardanger 

Berre 16 av 300 fruktdyrkarar i Hardanger driv økologisk. Samstundes er det ein markant auke i omsetninga av økologisk frukt i Noreg.

Rolf Tore Djønne ynskjer fleire kollegaer som kan bidra til å gje forbrukarane norsk økologisk kvalitetsfrukt.
Rolf Tore Djønne ynskjer fleire kollegaer som kan bidra til å gje forbrukarane norsk økologisk kvalitetsfrukt. Foto: Frøydis Lindén

Omsetninga av økologisk frukt i butikkane har auka med 30-40% dei siste tre åra, ein trend som ser ut til å halda fram. Import av økologisk frukt aukar. Norske fruktbønder bør ta ein større del av denne marknaden. Kundane i norske daglegvarebutikkar vil ha meir norsk økologisk frukt. 

På rekrutteringsmøtet for auka fruktproduksjon i Hardanger 28. mars, fekk både konvensjonelle og økologiske dyrkarar vita siste nytt innan økologisk fruktdyrking og høyra ulike økologiske produsentar sine erfaringar frå økologisk eple- og plommeproduksjon.

Rekrutteringsmøtet vart arrangert i eit samarbeid mellom Ullensvang fruktlager, Hardanger Fjordfrukt og Landbruket Øko-løft.

Garden Havrå - nytt utvald kulturlandskap i Hordaland 

Den freda garden Havrå i Osterøy kommune, med originalt klyngetun og intakt teigdeling, vert nytt utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL) i Hordaland. 

Havråtunet ligg vakkert til i den bratte lia ved Sørfjorden i Osterøy kommune.
Havråtunet ligg vakkert til i den bratte lia ved Sørfjorden i Osterøy kommune. Foto: Øyvind Vatshelle

Totalt består klyngetunet Havrå av 36 bygningar og teiginndelinga er uendra. Delar av garden er i dag drifta av Museumssenteret Hordaland. Statusen som utvald kulturlandskap gjev eit viktig løft for å utvida skjøtselen til heile garden og til større involvering frå grunneigarane si side.

Førindustrielt landbruk

Havrå vart freda ved lov i 1998 for å sikra dette unike anlegget som eit døme på førindustrielt landbruk med binæringar. Bruket er på om lag 2000 daa. Hordaland Museumssenter driv delar av garden ved hjelp av tradisjonelle metodar for å sikra den gamle kunnskapen som er knytt til landskapet, bruk av reiskap og andre immaterielle verdiar i drifta av Havrå. Dette er svært ressurskrevjande og i tidlegare tider sysselsette garden ein liten landsby, med dei 50 - 60 personane som budde der.

Garden Havrå er i dag delt opp i 8 bruk med om lag 20 grunneigarar, inkludert Hordaland Museumssenter. Museumssenteret driv både med småfe, slått og åkerbruk. Det vert dyrka korn og potet på tradisjonelt vis med gamle sortar, graset vert stort sett slått med ljå og hesja, og det vert dyrka gamle fruktsortar. Museet legg stor vekt på at stadeigen reiskapskultur og arbeidsteknikkar vert halde i hevd. I dette bratte terrenget har aldri hesten vore innført, så alt arbeidet vert gjort med handemakt. Sidan 2006 har garden vore driven av museet og ein fritidsbonde. Delar av areala har derfor vore ute av drift, noko som etter kvart set preg på landskapet og fører til attgroing.

Utvalde kulturlandskap som motivasjonsfaktor

Utnemning som Utvald kulturlandskap vert tatt imot positivt av grunneigarar som gjerne vil delta i arbeidet med å halda Havrå i hevd. Over dei siste åra har det bygd seg opp større interesse for deltaking. Med den nye statusen og midlar til drift av landskapet som føljer med, vil ein ved hjelp av ein god plan for forvalting og skjøtsel av areala, kunne gje heile det unike området ein aktiv skjøtsel.