Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2017

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om ein ny handlingsplan med pang-start.

Ny handlingsplan med pang-start 

Ny handlingsplan for Inn på tunet i Hordaland vart vedteken i september 2017. Alt etter to veker samla Fylkesmannen i Hordaland 130 deltakarar til fagdag.

Ordsky.
Mangfald i Inn på Tunet. Foto: Ragna Flotve/Fylkesmannen i Hordaland

Korleis kan me stimulera til auka Inn på tunet-aktivitet? Dette har vore hovudspørsmålet gjennom arbeid med ny handlingsplan for Inn på tunet i Hordaland. Den vedtekne planen har hovudvekt på informasjon, koordinering og kompetanseutvikling. 

Det er handling som tel

Handlingsplan for Inn på tunet i Hordaland følgjer opp dei nasjonale strategiane og har hovudvekt på informasjon, sterkare koordinering av det lokale arbeidet og kompetanseutvikling.

Alt to veker etter at handlingsplanen vart vedteken arrangerte helseavdelinga og landbruksavdelinga ved FMHO fagdagen "Lag deg ein fin dag", med temaet dagtilbod for personar med demens. 130 deltakarar, dei fleste frå helsesektoren, fekk oppdatert kunnskap, let seg inspirera av gode eksempel og delte erfaringar. Inn på tunet var eit gjennomgåande tema.

Tiltak på tvers av sektorar

Handlingsplanen er delt i tre innsatsområde:

  • Inn på tunet i Hordalandskommunane sine dagtilbod for personar med demens
  • Inn på tunet som aktuelt tilbod for born og unge
  • Psykisk helse og rusomsorg, med vekt på arbeidsretta tilbod

Det har vore viktig å forankra arbeidet på tvers av avdelingar hos Fylkesmannen. Styringsgruppe for handlingsplanarbeidet er difor assisterande fylkesmann, fylkeslege, utdanningsdirektør og landbruksdirektør. Desse bidreg på kvar sine måtar til at planen vert praktisk og fagleg kvalitetssikra. 

«Slow wood» er avslutta. Lenge leve slow wood! 

Fylkesmannen i Hordaland og Høgskulen på Vestlandet har gjennomført prosjektet «Slow Wood». Prosjektet er avslutta, men arbeidet held fram. Lenge leve slow wood! 

Stor aktivitet på trekonferanse.
Stor aktivitet på trekonferanse. Foto: Dirk Kohlmann/Fylkesmannen i Hordaland

Prosjektet «Slow Wood» har teke utgangspunkt i tradisjonar innan trebygging, veksande urbanisering og klimamessige utfordringar.  Bruk av fornybart materiell i bygg står sentralt her. 

I prosjektperioden har det mellom anna vore gjennomført konferansar, seminar og nettverksmøte, og det har vore teke initiativ til å etablera klyngeprosjekt for tre- og byggenæringa i regionen. 

Prosjektet har hatt mange samarbeidspartnarar og denne berekraftige satsinga på næringsutviklings- og sysselsetjingssida held fram med full styrke.

Bergen Matfestival i ny drakt

Bergen Matfestival og Bergen Ølfestival auka billettsalet med 30 % i år, og sette med det ny publikumsrekord, etter flyttinga til Koengen, med 30.000 besøkjande.

Unesco-middag.
Unesco-middag. Foto: Matarena AS/Fylkesmannen i Hordaland

Bergen Matfestival har dei siste åra gått gjennom endringsprosessar som har vore krevjande, men som skulle gje ein meir uavhengig, sjølvstendig festival, som i tillegg til tradisjons-, lokalmat- og handelsaspektet femnar urban matkultur og oppleving. Dette er ei følgje av Bergen sitt medlemskap i UNESCO sitt Creative Cities of Gastronomy-nettverk, men også ei tilpassing til publikum og merksemd rundt lokal mat i byen. 

Matarena AS overtok administrasjon og drift av festivalen i 2016. Fylkesmannen var arrangør for Bergen Matfestival sidan 2000, men har no gjeve stafettpinnen vidare til byen og næringane, herunder restaurantnæringa i Bergen. Dette har vist seg å vere ei suksessoppskrift. 

Bergen Unesco City of Gastronomy 

Endringane hang også nøye saman med at Bergen kommune i 2015 vart oppteken som medlem i UNESCO Creative Cities of Gastronomy-nettverk («kreative matbyar»). Dette er eit nettverk av 116 byar som forpliktar seg til internasjonalt samarbeid omkring eigen og kvarandre si nærings- og byutvikling, under paraplyen av eit valt, kreativt kulturuttrykk, i dette høvet gastronomi, eller matkultur. Bergen har ei tusenårig historie som er bygd på mathandel, både internasjonalt (tørrfiskhandel/korn/salt) og regionalt (handelsby og marknad for fjordbønder og fiskarar). 

Opplevingsaspektet var også i år ivareteke av mellom anna Hordaland Bondelag og Barnas Matfestival, men nytt av året var eit kurs- og inspirasjonstelt, der det vart gjennomført heile 50 gratis matkurs gjennom heile helga. Bergen Matfestival er ikkje berre ein handelsarena – det skal også vera ein arena for kunnskap og inspirasjon om mat, spreia kunnskap om sunn og berekraftig mat, og ikkje minst inspirera til korleis ein tek maten i bruk. 

Lønsamt samarbeid i Vikebygd landskapspark 

I Vikebygd i Hardanger skapar innflyttarar, landbruksgründerar, landhandel, fiskarar og fruktbønder med same mål og same verdiar ei positiv framtid. 

Siderprodusent Olav Bleie.
Siderprodusent Olav Bleie. Foto: Dirk Kohlmann/Fylkesmannen i Hordaland

Korleis kan samarbeid på tvers av næringar auka lønsemda i verksemdene og skapa sosiale og kulturelle verdiar i lokalsamfunnet? I samband med eit internasjonalt innovasjonsprosjekt om landbrukstilknytta næringar (MADIE) har Fylkesmannen i Hordaland fått laga film frå Vikebygd landskapspark i Hardanger. 

Landskapspark som strategi 

Ein landskapspark er ikkje ein spesiell type organisasjon. Det handlar om å gå saman for å bruka landskapsressursane betre og annleis på ein berekraftig måte og å skapa trivelege bygder der folk samarbeider om felles idear og har bulyst. Landskapsparken kan fungera som ei merkevare og handlar om marknadsføring og omdømebygging i eit utvalt område. 

Internasjonal interesse 

I Erasmus+-prosjektet MADIE samarbeider Fylkesmannen i Hordaland med organisasjonar i Finland, Ungarn, Italia og Tyskland om å finna nye og gode metodar for innovasjon i landbruk og lokalsamfunn. Landskapsparkane har vekt stor interesse i EU-samarbeidet og den nye filmen vil verta brukt internasjonalt. Me ynskjer også å bruka han nasjonalt, som eit ledd i kompetanseutvikling og motivasjonsarbeid.

Skogsamarbeid gjev meirverdi 

Samarbeid mellom skogeigarar kan gje meirverdi på fleire måtar. Første steg i «Motiv skog» er gjennomført. 

Motiv Skog.
Motiv Skog. Foto: Dirk Kohlmann/Fylkesmannen i Hordaland

Prosjektet «Motiv skog – eigedomsoverbyggjande samarbeid» har teke nokre første steg. At meir samarbeid på tvers av eigedomsgrensene er positivt for næringa, er skogeigarane einige om. 

«Det er på høg tid at dette skjer»

Prosjektet er «learning by doing» i praksis. Skogeigarane vil ha meir og allsidig kunnskap om skogen når klimaet er i endring. Andre treslag enn gran står på ynskjelista og ungskogpleie er ei stor utfordring.

Tilbakemeldingane frå skogeigarane er svært positive. Dei ønskjer prosjektet velkomen, og har forventningar til kva meir samarbeid kan føre til. Investeringane i skogen vil gje større avkastning og dagens eigarar vil kunne gje velskjøtta skogar vidare til neste generasjon. Skogen skal då ha høg tilvekst og driftstryggleik i forhold til dei klimatiske utfordringane.