Historisk arkiv

Hans Erik Raustøl utnemnd til prost i Hadeland og Land prosti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Sokneprest Hans Erik Raustøl (56) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Hadeland og Land prosti.

Raustøl har vore kapellan i Nordstrand og residerande kapellan i Oslo domkyrkje. Frå 2001 har han gjort teneste som sokneprest på Holmlia i Oslo. Frå 2006-2008 var Raustøl prosjektleiar for Mellomkyrkjeleg råd der han arbeidde med lokal religionsdialog.