Historisk arkiv

Høyring: Enklare førarkortreglar for elvarebil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Auka bruk av nullutsleppskøyretøy er eit viktig tiltak for å nå regjeringa sine mål i miljøpolitikken. Vi ønsker difor å gjere det enklare å køyre elvarebilar med førarkort for personbil sjølv om dei er litt tyngre enn det som elles er tillate. Målet er at fleire skal kunne velje å køyre meir miljøvennlig varebil.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Vegdirektoratet i dag sender på høyring forslag om endring av førarkortreglane for å køyre elvarebil.

– Elektriske varebilar har eit tungt batteri som gjer at ein fort kommer over i en vektklasse som ein treng førarkort klasse C1 for å køyre. Det gir dei ein konkurranseulempe i forhold til fossildrivne varebilar av same størrelse. Det er denne ulempa vi ønsker å kompensera for, seier Dale.

Det er nye reglar frå EU som no gjer det mogeleg å tillate dette for køyretøy som ein elles må ha førarkort for lett lastebil (klasse C1) for å køyre. For fossildrivne varebilar med totalvekt over 3500 kg krev reglane framleis førarkort for lett lastebil (klasse C1).

Høyringa er eit framlegg om at dei som har to års røynsle med førarkort klasse B kan køyre varebilar med alternative drivstoff med totalvekt inntil 4250 kg. Den auka vekta må vere knytt til det alternative framdriftssystemet (typisk batterivekt), og lasteevna kan ikkje auke samanlikna med ein fossildriven versjon.

Det blir arbeid med sikte på at endringar kan vere på plass våren 2019.

Lenke til høyring på vegvesen.no