Historisk arkiv

Høyring: Vil sikre forbrukarar reduserte prisar for internasjonale samtalar og SMS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ei ny forordning frå EU gjer at det vil bli innført maksimalprisregulering av internasjonale samtalar og SMS frå 15. mai 2019. Det er ikkje krav om at Noreg tar inn pristaket før forordninga er formelt innlemma i EØS-avtalen. - Av omsyn til norske forbrukarar foreslår departementet at tilsvarande maksimalpriser skal gjelde i Noreg frå same tidspunkt som dei vil gjelde i EU. Vi set difor fart på dette arbeidet allereie no, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsdepartementet sender på høyring eit forslag om endringar i ekomloven og ekomforskriften om maksimalprisregulering av internasjonale samtalar og SMS. Forslaget gjeld prisen ein norsk forbrukar betaler for å ringe eller sende SMS frå Noreg til eit anna land i EU/EØS.

Varierande og høge prisar for internasjonale samtalar og SMS
I det nye felleseuropeiske rammeverket for elektronisk kommunikasjon er det i ny BEREC-forordning tatt inn ei maksimalprisregulering av internasjonale samtalar og SMS (internasjonale nummerbaserte kommunikasjonstenester) frå fast- og mobilnett innanfor EØS-området. Formålet med den føreslåtte maksimalprisreguleringa er å beskytte forbrukarar mot urimeleg høge prisar.

Data som er henta inn av BEREC (Body of European Regulators for Electronic Communications) og EU-Kommisjonen i 2017-2018 viser at prisane varierer betydeleg mellom innanlands telefonsamtalar og SMS, og telefonsamtalar og SMS som blir avslutta i eit anna medlemsland. I snitt er internasjonale telefonsamtalar tre gonger så dyre som nasjonale telefonsamtalar, og SMS som blir send til eit anna land i EU/EØS er i snitt dobbel så dyr som ein SMS som blir send nasjonalt.

Ny regulering kan halvere minuttprisen til einskilde land
For forbrukarar som i dag ikkje har inkludert minutt og SMS til andre land i EØS-området i sitt abonnement, vil den føreslåtte maksimalprisreguleringa kunne bidra til meir enn ei halvering av minuttprisen til einskilde land. Samstundes utgjer denne inntektsstraumen ein svært avgrensa del av totalomsetnaden for tilbydarane. Samferdselsdepartementet forventar difor at den føreslåtte maksimalprisreguleringa vil medføre eit relativt avgrensa inntektsbortfall for tilbydarane.

EØS-prosessen – vidare framdrift
Forordninga blei vedtatt av Rådet i EU 4. desember. For medlemslanda vil dei nye pristaka tre i kraft frå 15. mai 2019. Derfor startar prosessen med nasjonal gjennomføring av den nye prisreguleringa allereie no, før det nye felleseuropeiske regelverket for elektronisk kommunikasjon og BEREC-forordninga formelt er innlemma i EØS-avtalen.

For fleire opplysningar - sjå: