Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren deltek på møte i EØS-rådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på møte i EØS-rådet i Brussel 20. november

EØS-rådet er det øvste formelle samarbeidsorganet mellom EU og EØS/Efta-landa. Møtet finn stad to gonger i året.

I samband med møtet i EØS-rådet møter ho EUs brexit-forhandlar Michel Barnier og kollegaene på Island og i Liechtenstein, Gudlaugur Thor Thordarson og Aurelia Frick. Dei tre ministrane møter òg representantar frå parlamenta og partane i arbeidslivet i Eftas parlamentarikarkomité og Eftas konsultative komité.

Utanriksministeren vil òg ha eit eige møte med EUs utanrikssjef, Federica Mogherini.

Det blir eit pressemøte med utanriksministeren rundt klokka 12.20.

Ver merksam på at det kan bli endringar i programmet.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250