Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren til FNs kvinnekommisjon i New York

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek 14. – 16. mars på FNs kvinnekommisjon sin 62. sesjon.

– Likestilling og like rettar for kvinner og menn er eit mål i seg sjølv, og er heilt avgjerande for å skape utvikling, vekst og stabilitet. Noreg er eit føregangsland for likestilling, noko som gjev oss moglegheit til å ta ei leiarrolle på dette feltet globalt, seier Eriksen Søreide.

Utanriksministeren vil i samband med kvinnekommisjonen innleie på fleire arrangement, blant anna om kvinner si rolle i media og om vern av kvinnelege forsvararar av menneskerettane. Eriksen Søreide møter vidare FN sin spesialrepresentant for seksualisert vald i konflikt, Pramila Patten, og leiaren for UN Women, Phumzile Mlambo-Ngcuka.

– Noreg held også fram med å være ein pådrivar for kvinnehelse internasjonalt. Innsatsen for kvinnehelse er særleg viktig i ei tid der vi ser at tidlegare oppnådde resultat og vidare framgang er under press. Seksuelle og reproduktive helsetenester er viktige for at jenter og kvinner skal kunne planlegge svangerskap, ta utdanning og delta i arbeidslivet på lik linje med menn. Her vil vi bidra til å styrke felles, global innsats, seier Eriksen Søreide.

Kvinnekommisjonen varer frå 12. – 23. mars. Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland deltek også 14. – 16. mars. Den offisielle norske delegasjonen består av representantar frå Stortinget og Sametinget, partane i arbeidslivet og representantar frå sivilt samfunn.

FNs kvinnekommisjon er det viktigaste globale forumet for spørsmål om likestilling og kvinner sine rettar. Kommisjonen er underlagd FNs økonomiske og sosiale råd (Ecosoc). Sidan 1995 har Kvinnekommisjonen si viktigaste oppgåve vore å overvake og bidra til å gjennomføre handlingsplanen frå FN sin kvinnekonferanse i Beijing. Måla om berekraftig utvikling har lagt ein ny dimensjon til kommisjonen sitt arbeid. Les meir om kvinnekommisjonen her.

Regjeringa la i 2016 fram sin handlingsplan for likestilling i utanriks- og utviklingspolitikken (2016-2020), Frihet, makt og muligheter. Les handlingsplanen her.

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, ike@mfa.no, mob. 990 24 984 (med på reisa).