Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statsråd Berger Røsland til Irland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statsråd Marit Berger Røsland reiser til Irland 8. og 9. november. Ho møter mellom anna kollega Helen McEntee. Brexit blir eit av dei viktigaste temaene dei to vil diskutere.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for EØS- og EU-ministeren er å gjere synleg for dei andre europeiske landa korleis Noreg og dei andre EØS-landa står i ei særstilling i høve til brexit-prosessen. Sidan Noreg er med i EUs indre marknad, vil det også påverke oss når Storbritannia trer ut. Irland er det EU-landet som er nærast knytta til Storbritannia politisk og økonomisk og som vil verte hardast ramma av brexit. Irland er difor også kanskje det landet som tettast fylgjer denne prosessen innanfor EU.

I tillegg til å møte europaminister McEntee, held Berger Røsland innlegg på ei av Irlands leiande tankesmier, International Institute of European Affairs (IIEA).

Noreg og Irland har eit historisk nært forhold og ønskjer å styrke samarbeidet også i spørsmål som er knytta til hav, mellom anna om forsking og næringsutvikling.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 976 71 250