Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Jakobsen til Madagaskar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Aksel Jakobsen reiser 11. juni til Madagaskar. I løpet av fire dagar vil han reise til dei fattigaste områda i sør og møter politikarar, leiarar i FN-organisasjonar og det sivile samfunnet i hovudstaden.

- Noreg ynskjer å medverke til at Madagaskar kjem ut av den alvorlege fattigdomsspiralen som landet er i og at den positive demokratiske utviklinga i landet held fram. I meir enn 150 år har det vore god kontakt mellom folk i Madagaskar og Noreg. Dette må vi byggje vidare på, seier statssekretær Jakobsen.  

Noreg og Madagaskar har dei siste 50 åra hatt eit betydeleg samarbeid om utvikling, og vi har i snart 15 år hatt fast diplomatisk nærvære i landet. Utdanning har lenge vore hovudsektoren, og Noreg har gitt eit vesentleg bidrag til at born i dei fattigaste delane av landet får gå på skule. I åra framover vil yrkesfagleg utdanning få større merksemd.

- Noreg vil ta opp att støtta til kampen mot korrupsjon, for å medverke til at korrupsjon ikkje lengre kjem i vegen for landets utvikling. Ein føresetnad for støtta frå Noreg, er at Madagaskar viser eigarskap og vilje til å styrkje rammevilkåra for utvikling i landet, seier statssekretæren.

Pressekontakt: UDs Pressevakt +47 23 95 00 02