Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Jens Frølich Holte reiser til Sri Lanka 20.–22. juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Jens Frølich Holte reiser til Sri Lanka 20.–22. juni, for å delta på ein konferanse om hav og møte representantar for srilankiske styresmakter, sivilsamfunnet og FN. I tillegg vil Holte vitja forskingsfartøyet Dr. Fridtjof Nansen, som er på reise i havområda rundt Sri Lanka og Bengalbukta i sommar.

Statssekretæren skal delta på ein regional konferanse om berekraftig forvalting av hav og marine ressursar. Han vil òg ta del i eit næringsseminar om blå økonomi med deltaking frå norske og srilankiske verksemder.

- Internasjonalt og regionalt samarbeid om fiskeriforvalting er viktig for å medverke til ei berekraftig forvalting av havressursane. Det er svært positivt at Sri Lanka har teke initiativ til ein regional konferanse om dette, seier statssekretær Frølich Holte.

Statssekretæren vil òg ha politiske møte, samt møte med sivilsamfunnet og med FN. Han vil dessutan møte lokale styresmakter og vitje utviklingsprosjekt i nord som er støtta av Noreg.

- Noreg og Sri Lanka samarbeider på ei rekkje faglege og næringsrelaterte område. Vitjinga vil gje høve til å vidareføre dialogen om desse, seier statssekretæren.

Den regionale konferansen vil samle ekspertar frå åtte land og vert arrangert av fiskeridepartementet i Sri Lanka i nært samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) i Noreg. Næringsseminaret om blå økonomi vert arrangert av den norske ambassaden i Colombo i samarbeid med Ceylon Chamber of Commerce, Sri Lanka Nordic Business Council og Innovasjon Norge. Kampen mot marin forureining vil òg stå på dagsordenen under vitjinga.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.