Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 50, 2018.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 10. desember
Kl. 10.30: Utanriksminister Eriksen Søreide møter delegatar frå parlamentarikerforsamlinga til Europarådet (Pace). Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Kl. 11.15: Utanriksminister Eriksen Søreide held ei orientering for Stortinget sine parlamentarikardelegasjonar. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek under utdelinga av Nobels fredspris. Stad: Oslo Rådhus.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 11. desember
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter dei fem sivilorganisasjonane Raudekrossen, Flyktninghjelpa, Norsk Folkehjelp, Kirkens Nødhjelp og Redd Barna. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter den eine vinnaren av Nobels fredspris, Denis Mukwege. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Onsdag 12. desember
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i ein nordområdedialog. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 13. desember
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held ei kort utgreiing om FN sin globale migransjonsplattform på vegne av regjeringa.  Sjå meir informasjon på regjeringa.no. Stad: Stortinget, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i handsaminga av UD sitt budsjett.  Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Nikolai Astrup 

Måndag 10. – tysdag 11. desember
Utviklingsminister Astrup deltek på møte i den globale vaksinealliansen (Gavi). Stad: Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022 (med på reisa).

Onsdag 12. desember
Utviklingsminister Astrup deltek på eit møte i partnarskapet for borne- og mødrehelse. Stad: New Delhi, India.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022 (med på reisa). 

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 10. – tysdag 11. desember
Statssekretær Halvorsen reiser til Kviterussland for bilateral vitjing. Stad: Minsk, Kviterussland.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 10. – tysdag 11. desember
Statssekretær Hagen representerer Noreg på konferansen «Global compact for safe, orderly and regular migration». Stad: Marrakech, Marokko.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 13. desember
Kl. 14.00: Statssekretær Hagen møter Henriette Westhrin, generalsekretær i Norsk Folkehjelp. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 10. desember
Kl. 15.30: Statssekretær Frølich Holte møter Matthew Rycroft, departementsråd i det britiske departementet for internasjonal utvikling (DIFID). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 11. desember
Kl. 19.00: Statssekretær Frølich Holte deltek på arbeidsmiddag med FN sitt utviklingsprogram, UNDP, i samband med årlege bilaterale konsultasjonar. Stad: Xich Lo, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Fredag 14. desember
Kl. 13.00: Statssekretær Frølich Holte møter Sean de Cleene, som leiar arbeidet med matvaresystem hos World Economic Forum. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.