Historisk arkiv

Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Anniken Hauglie og Monica Mæland til Bergen for toppmøtet om kompetansereforma "Lære heile livet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Tysdag 23. oktober kjem statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til Bergen for å få innspel til kompetansereforma "Lære heile livet".

Nett-tv Toppmøtet om kompetansereforma "Lære heile livet"

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Statsministeren inviterer saman med dei tre statsrådane partane i arbeidslivet til eit toppmøte om kompetansereforma.

Tal frå NHO sitt Kompetansebarometer viser at 6 av 10 norske bedrifter manglar tilsette med rett kompetanse. Samtidig viser nye tal frå Lærevilkårsmonitoren at det er ein mindre del av befolkninga som tek formell vidareutdanning enn for ti år sidan. Regjeringa er difor på ein kompetanseturné for å lytte og samle innspel om korleis vi kan bidra til at fleire lærer heile livet, og kan stå i jobb lenger.

Toppmøtet vil gå av stabelen på Fagskolen Hordaland. Etter møtet vil statsråd Sanner dra vidare på bedriftsbesøk til shippingbedriften Odfjell SE. Han vil der få omvising og snakke med dei tilsette og leiinga om korleis dei arbeider med kompetanseheving i bedrifta.

Program:

 

11.15-14.15

Solberg, Sanner, Hauglie og Mæland på toppmøte på Fagskolen Hordaland om kompetanseutfordringar i arbeidslivet. 80 spesielt inviterte deltakarar.

Programmet og sendinga startar 11.45.

Adresse: Haugeveien 28, Bergen.

 

14.40-15.30

Sanner på bedriftsbesøk hos shippingbedriften Odfjell SE. Orientering om kompetanseheving blant tilsette, samt korleis ny teknologi endrar herredagen til tilsette og leiinga.

Adresse: Odfjell SE, Conrad Mohrs vei 29, Bergen.