Historisk arkiv

Kunnskaps- og integreringsministeren kjem til Kristiansand onsdag 26. juni for å besøke sommarskole og lokale bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Statsråd Jan Tore Sanner skal først besøke sommarskolen i Kristiansand når han kjem til Sørlandet 26. juni. Deretter møter han lokale bedrifter for å høyre korleis regjeringa kan gjere det enklare å drive små bedrifter i Noreg. Statsråden vil blant anna møte Boss industri, som er ein del av klynga NODE.

Regjeringa reiser denne veka rundt i landet for å besøke fleire hundre små bedrifter. Målet er å få innspel til ein ny strategi for små og mellomstore bedrifter. 95 prosent av alle bedriftene i Noreg har færre enn 50 tilsette og over éin million arbeidstakarar jobbar i disse bedriftene.

Program onsdag 26. juni: 

10.45 – 11.30

 

Sanner besøker Sommarskolen i Kristiansand.

Adresse: Grim Skole, Møllevannsveien 50, 4617 Kristiansand

12.00 – 13.00

Statsråden deltek i lunsjsamtale med små bedrifter i Kristiansand.

Adresse: Rigedalen 41, 4626 Kristiansand

13.30 – 14.15

 

Statsråden besøker Boss Industri for å høyre korleis det er å drive bedrifta, og for å få ein presentasjon av klynga NODE, som Boss industri er ein del av. Dette er altså ein del av ein turne, "Småbedriftslivet", regjeringa har denne veka.

Adresse: Bosmyrkollen 2, 4620 Kristiansand.

Kontakt:
Pressa er velkomne til å delta. Ta kontakt med kommunikasjonsrådgivar Ragnhild Skaara Imset på mail rask@kd.dep.no eller telefon 93435930 for å melde interesse.