Historisk arkiv

400 færre arbeidslause i juni

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Status sommeren 2018 er at færre er arbeidslause, fleire kjem i arbeid og bedriftene treng arbeidskraft. Tida er god for ein felles inkluderingsdugnad for dei som fortsatt står utanfor arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

I juni blei det 400 færre arbeidslause når ein justerer for normale sesongvariasjonar. Det viser nye tal fra NAV. Det er no 10.744 færre heilt ledige enn på same tid i fjor.

Jobbsjansar

– Større etterspurnad etter arbeidskraft gir jobbsjansar for fleire. Vi ser at ein del arbeidssøkarar som fortsatt står i jobbkø har vore utan arbeid lenge og eg ønskjer at fleire bedrifter gir folk med hol i CV-en ein sjanse.

Den beste utviklinga på arbeidsmarknaden så langt i 2018 har kome i Rogaland, Aust-Agder og Troms. Talet på arbeidslause har gått mest ned innan ingeniør- og ikt-fag, følgt av bygg og anlegg samt industriarbeid.

Fakta: Ved utgangen av juni er det registrert 60 738 heilt ledige arbeidssøkarar. I tillegg er det 28 854 delvis ledige og 15 325 arbeidssøkarar på tiltak. Talet på registerert ledige er redusert med ¼ fra toppnivået høsten 2016. 2,3 prosent av arbeidsstyrken var i juni registrert som heilt ledige når ein korrigerer for sesongvariasjonar.