Historisk arkiv

Meir samarbeid om forsking på mattryggleik med Kina

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har inngått eit nytt femårig forskingssamarbeid med Heilongjiang Academy of Agricultural Sciences (HAAS), som har ein viktig rolle for den nasjonale mattryggleiken i Kina. Saman skal dei to institutta forske på matproduksjon og matryggleik, noko som er to vesentlege forskingsfelt hos NIBIO.

Godt samarbeid med kinesiske forskingsinstitutt

NIBIO og HAAS har allereie samarbeida på feltet i seks år og kan syne til ei gjensidig kunnskapsoverføring gjennom forskarutveksling, samarbeid om prosjekt, felles søknader til EU og vitskapleg publisering. Dette ble nyleg markert på det kinesiske instituttet sitt 60-års jubileum. I markeringa ble NIBIO vist fram som ein viktig og langsiktig partnar for HAAS.  

NIBIO har og ein avgjerande rolle som forskingspartnar i samarbeidet med Chinese Academy of Agricultural Science (CAAS) om eit berekraftig landbruk og mattryggleik i Kina. CAAS ligg i Beijing og er Kinas største arbeidsgivar for toppforskarar med kompetanse innan landbruksvitskapleg og -teknologi med over 5000 fagtilsette. Også ved CAAS er NIBIO involvert i ein rekkje ulike prosjekt innan plantehelse, miljø og bioteknologi. 

- Gode relasjonar er kritisk for forsking, og vi har svært gode bilaterale relasjonar i Kina. Vi blir møtt med velvilje og engasjement for å dele kunnskap. Samarbeidet er ein plattform for gjensidig læring og erfaringsutveksling, seier Nils Vagstad, konstituert administrerande direktør for NIBIO.

Ris i hand.
Heilongjiang-provinsen er rekna som Kina sitt kornkammer og er sentral for kinesisk mattryggleik. Foto: Colourbox