Historisk arkiv

Julekalender: Mjølkerobot gjev meir tid og mjølk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ei undersøking av mjølkebruk med og utan mjølkerobot viser at bruka med robot i snitt brukar 10 timar mindre årleg per ku, men får likevel 700 liter meir mjølk per dyr.

– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember.
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har samanlikna mjølkebruk med og utan mjølkerobot. Undersøkinga viser tydelege skilnader for produksjon og økonomi mellom bruka med og utan robot. Bruk med mjølkerobot får meir mjølk for mindre innsats av tid, og gjev større fleksibilitet til bonden. Likevel har dei med mjølkerobot ein svakare økonomi enn dei utan mjølkerobot. Det gjeld både økonomisk resultat før avskrivingar og målt som vederlag per årsverk. I Noreg aukar talet på mjølkerobotar med nærare 200 per år. Resultat frå undersøkinga tyder på at det er sosiale drivarar som ligg bak valet om å gå over til robotbasert mjølkeproduksjon.

Ei undersøking av mjølkebruk med og utan mjølkerobot viser at bruka med robot i snitt brukar 10 timar mindre årleg per ku, men får likevel 700 liter meir mjølk per dyr.
Ei undersøking av mjølkebruk med og utan mjølkerobot viser at bruka med robot i snitt brukar 10 timar mindre årleg per ku, men får likevel 700 liter meir mjølk per dyr. Foto: Colourbox

 NIBIO vart oppretta 1. juli 2015 og er eit forskingsinstitutt som forskar og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressurser, skog, foretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.