Historisk arkiv

Nytt tiltak mot sosial dumping – fleire regionale verneombod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringas handlingsplanar mot sosial dumping har hatt god effekt, men tilsynsstyresmaktene finn framleis utanlandske arbeidstakarar som blir utnytta i form av lågare løn og dårlegare tryggings- og arbeidsmiljøstandard enn det som er akseptabelt på den norske arbeidsmarknaden.

Regjeringa foreslår ei løyving på 6 millionar kroner til oppstart av dei regionale verneomboda i hotell-, restaurant- og reinhaldsbransjen i statsbudsjettet for 2010.

– Erfaringane med regionale verneombod i bygge- og anleggsbransjen er særs gode og vi ønskjer derfor å utvide denne ordninga til andre bransjar. Det er brei semje om at omboda gjer ein viktig jobb for å betre helse, miljø og sikkerheit og førebyggje ulykker og skadar. Arbeidstilsynet rapporterer i tillegg at dei har eit særs godt samarbeid med omboda når det gjeld tilsyn med sosial dumping, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Ordninga med regionale verneombod vart innført for bygg og anlegg i 1981. Dei regionale verneomboda gjer ein viktig jobb for å betre HMS og førebyggje skader og ulukker. Arbeidstilsynet meiner ordninga med regionale verneombod verkar preventivt og er positive til å utvide ordninga til hotell og restaurant og reinhaldsbransjen.

Eit forslag til utforming av ordninga er sendt på allmenn høyring hausten 2009.