Historisk arkiv

Oppfølging av ”Hanekleivrapportar”

System for styring og rapportering i Statens vegvesen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Statens vegvesen har i dag ein organisasjon med klare ansvarsforhold og styringssystem som i hovudsak er tilfredsstillande. Innanfor etaten si rapportering av kvalitet er det visse forbetringspunkt. Dette kjem fram i ei orientering frå Samferdselsdepartementet til Stortinget om dei utgreiingane og vurderingane som er lagde fram etter raset i Hanekleivtunnelen i desember 2006.

Statens vegvesen har i dag ein organisasjon med klare ansvarsforhold og styringssystem som i hovudsak er tilfredsstillande. Innanfor etaten si rapportering av kvalitet er det visse forbetringspunkt. På desse områda blir det no arbeidd på ein tilfredsstillande måte og resultata av desse arbeida blir tatt inn i etaten si verksemd.

Dette kjem fram i ei orientering frå Samferdselsdepartementet til Stortinget om dei utgreiingane og vurderingane som er lagde fram etter raset i Hanekleivtunnelen på E18  i nordre Vestfold den 25. desember 2006. Orienteringa er teke inn i ein proposisjon som vart lagd fram i statsråd i dag, og som tek for seg ein del saker på området til Samferdselsdepartementet.

I orienteringa frå Samferdselsdepartementet blir det mellom anna vist til at Agenda Utredning og & Utvikling i fjor haust la fram ei vurdering av ansvarsforhold knytt til Statens vegvesen sine system for rapporteringar og formidling av styringsinformasjon i den perioden E18 i nordre Vestfold vart bygd. Denne vurderinga gir også ei framstilling av korleis tilsvarande forhold er ivaretekne gjennom dagens organisering av Statens vegvesen.

Samferdselsdepartementet viser til at Agenda Utredning og Utvikling fann svake sider ved ansvarsforhold og styringssystem i samband med bygging av Hanekleivtunnelen, men at det ikkje er funne tilsvarande forhold på andre prosjekt frå den same tidsperioden.

Dette kan tyde på at det dreier seg om problem som var spesifikke for bygginga av Hanekleivtunnelen, og ikkje nødvendigvis eit problem som  var gjennomgåande i heile organisasjonen til Statens vegvesen, går det fram av orienteringa frå Samferdselsdepartementet.

 

  • For fleire opplysningar sjå St.prp. nr 45 (2007- 2008) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område