Historisk arkiv

Opplæringstilbodet til minoritetsspråklege skal utgreiast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Utdanning er nøkkelen til like sjansar i arbeidsliv og samfunn for barn med minoritetsbakgrunn. Derfor må vi leggje betre til rette for eit godt opplæringstilbod til alle, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med at det i statsråd i dag er oppnemnd eit offentleg utval som skal sjå på opplæringstilbodet til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne.

- Utdanning er nøkkelen til like sjansar i arbeidsliv og samfunn for barn med minoritetsbakgrunn. Derfor må vi leggje betre til rette for eit godt opplæringstilbod til alle. God opplæring er òg nødvendig for å sikre at vi tek i bruk den kompetansen og dei ressursane innvandrarar har med seg til landet. 

Dette seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell i samband med at rektor ved Høgskulen i Oslo, Sissel Østberg, i statsråd i dag er oppnemnd som leiar av eit offentleg utval som skal sjå på opplæringstilbodet til minoritetsspråklege barn, unge og vaksne.

- For første gong skal vi sjå på opplæringa til minoritetsspråklege i samanheng, frå barn i førskulealder til vaksne, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Utvalet skal vurdere om dei ansvarsforholda, verkemidla og tiltaka vi har i dag, sikrar inkluderande og likeverdige opplæringstilbod og utdanning. Utvalet skal mellom anna sjå på organiseringa og innhaldet i opplæringa og på juridiske og økonomiske rammevilkår for opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksne.

Utvalet skal levere ei delinnstilling om barnehage og grunnskule mot slutten av 2009, og leggje fram utgreiinga si innan 1. juni 2010.

Medlemmer

Desse er oppnemnde som medlemmer av utvalet:

Sissel Østberg, rektor, Ski (leiar)
Hasan Ajnadzic, rådgivar, Trondheim
Anders Bakken, forskar, Oslo 
Aina Bigestans, forstandar og universitetsadjunkt, Stockholm 
Petter de Presno Borthen, prosjektleiar, Bergen
Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør, Stavanger
Helge Jagmann, bydelsdirektør, Oslo
Bodil Labahå, styrar, Sør-Varanger
Bashar Al Raho, koordinator, Bodø
Pernille Pettersen Smith, regiondirektør, Bærum
Agneta Bolinder, seniorkonsulent, Oslo (Utdanningsforbundet)
Nina Tangnæs Grønvold, seniorrådgivar, Oslo (LO)
Rita Kumar, leiar, Trondheim (KIM)
Arne Rekdal Olsen, rådgivar, Fredrikstad(KS)
Håvar Vederhus, leiar, Oslo (Elevorganisasjonen)

Les mandatet til utvalet her (pdf)