Historisk arkiv

Organisering av kunnskapssektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 15. juni vil kunnskapsministeren legge fram korleis han vil organisere dei ulike verksemdene i kunnskapssektoren. Målet er å legge til rette for livslang læring og betre kvalitet i barnehage, skole og høgare utdanning.

Nett-tv Organisering av kunnskapssektoren

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Vinteren 2016 fekk kunnskapsministeren rapporten Kunnskapssektoren sett utenfra frå ei ekspertgruppe. Rapporten ga ei vurdering av korleis oppgåvene til Kunnskapsdepartementet og dei underliggande verksemdene kunne løysast på ein betre måte. 

På bakgrunn av rapporten, blei det sett ned eit prosjekt i Kunnskapsdepartementet som skulle tilrå ei ny organisering av sektoren. Prosjektet fekk tre målsettingar: Betre måloppnåing, meir effektiv oppgåveløysing og fleire arbeidsplassar utanfor Oslo. 

No har regjeringa avgjort korleis dei ønsker å organisere kunnskapssektoren, og kor mange arbeidsplassar som skal flytte ut av Oslo i samband med omorganiseringa. 

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil legge fram løysinga på ein pressekonferanse, og det blir høve til å intervjue statsråden. 

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Tid: Torsdag 15. juni klokka 11.15-12.00. 

Ta kontakt med kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse på anhj@kd.dep.no eller telefon 99 21 46 10. 

Pressekonferansen blir strøymt på regjeringen.no/kd