Historisk arkiv

Colombia: Farc-geriljaen legg ned våpna og gjer seg klare for freden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

FN har stadfesta at Farc-geriljaen i Colombia har lagt ned sine individuelle handvåpen. - Dette er ein historisk dag. At ein gerilja legg ned våpna sine og gjer seg klare for overgangen til eit sivilt liv er ei svært sjeldan hending. Farc stadfestar gjennom dette sitt ynskje om fred og om å kjempe for det dei trur på gjennom politisk deltaking heller enn geriljakrig, seier utanriksminister Børge Brende.

Våpennedlegginga blir markert i dag av president Juan Manuel Santos og Farc-leiar Rodrigo Londoño i ein seremoni i ei av sonene der geriljaen har vore samla sidan starten av året. Våpennedlegginga er ein del av fredsavtalen som den colombianske regjeringa og Farc-geriljaen inngjekk i november 2016. Noreg har saman med Cuba vore garantistland i fredsforhandlingane som starta i Havanna i 2012. Dei to partane inngjekk ei bilateral våpenkvile i august 2016, og ein politisk misjon frå FN har saman med deltakarar frå Farc og militæret overvaka våpenkvila.

- Sjølv om våpna er lagt ned står det framleis mykje att før vi kan vere sikre på at fredsprosessen bidreg til berekraftig fred i Colombia. Nedlegging av våpna er berre eit element av ein brei avtale som er meint å gjere noko med dei underliggjande årsakene til konflikten og sikre ofra sine rettar. Noreg vil fortsetja å følgje partane mot full gjennomføring av avtalen, seier utanriksministeren.

Noreg er òg saman med fem land i Latin-Amerika garantistar i forhandlingane mellom ELN-geriljaen og den colombianske regjeringa. Formelle fredsforhandlingar har føregått i Quito, Ecuador sidan februar i år.