Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Fiskeriministeren til Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriminister Harald T. Nesvik besøker Måløy og Selje 18.-19. september.

-Det er første gong eg besøker Sogn og Fjordane som fiskeriminister, og eg ser fram til å bli betre kjent med sjømatbedriftene her, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Møte med ungdom som satsar på fiskeri og havbruk og lokale sjømatbedrifter er noko av det som står på programmet når fiskeriministeren besøker Måløy og Selje.

-Eg gler meg også til å til å treffe ungdom som er på vei inn i sjømatnæringa. Eg håpar fleire vil sjå dei store mogelegheitene som ligg i fiskeri og havbruk, for vi treng fleire kloke hoder i denne viktige næringa, seier fiskeriministeren.

Program:

Tysdag 18. september:

Kva: Innlegg på fisker- og havbrukskonferansen i Måløy og kåring av vinnarane av Marin bootcamp.
Kor: Parken kulturhus, Raudeberg
Når: 12:00-13:15.

Kva: Besøk til Marine Harvest, møte med lærlingar.
Kor: Marine Harvest sitt sjøanlegg ved Krabbestigen.
Når: ca 14.30

Kva: Møte med lokale bedrifter.
Kor: Knutholmen, Kalvåg.
Når: 18:00-19:00.

Onsdag 19. september:

Kva: Besøk på Måløy vidaregåande skule. 
Når: 10:00-11:00.

Kva: Møte med lokale bedrifter.
Kor: Furebuda
Når: 13:00-14:30

Merk at tidspunkta kan bli litt justert undervegs.