Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren i Trondheim og Stjørdal tysdag 21. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Priv. til red.: Samferdselsminister Jon Georg Dale er tysdag 21. mai i Trondheim og Stjørdal, og inviterer pressa til å vere med på deler av arrangementa.

E14

Kl. 0945 til 1030 er det pressetreff ved Einangsmoen kontrollplass langs E14 mellom Hegra og Flora i Stjørdal. Her vil Statens vegvesen orientere om E14 Stjørdal-Hegramo og om E14 Stjørdal-Meråker. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.

Innspelsmøte om ny godsterminal i Trondheimsregionen

Kl. 1200 til 1315 på Thon Hotell Prinsen er det innspelsmøte om ny godsterminal. Fleire store aktørar i godsnæringa vil vere representert. Møtet skjer i regi av FrP lokalt, og kontaktperson for pressa er politisk rådgjevar for samferdselsministeren Karine Skaret (98 07 01 92). Møtet er ope for pressa.

Nasjonal transportplan 2022-2033 – Trøndelag, Møre og Romsdal

Kl. 1400 til 1700 på hotellet Radisson Blu på Værnes har Dale møte med Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommunar og Trondheim kommune. Tema er innspela deira om kva som er dei viktigaste transportutfordringane i høve arbeidet med komande NTP. Merk: Møtet er ikkje ope for pressa.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Tor Livius Midtbø (90 60 69 19)

Innspela til NTP-arbeidet finn du her

Meir om komande NTP 2022-2033