Presseinvitasjon
Lovutval overleverer utgreiing om naturskadeforsikringsordninga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet
Pressemelding | Nr: 4 – 2019 | Dato: 05.02.2019
Justis- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (FrP) tek i morgon imot utgreiinga «Organisering av norsk naturskadeforsikring - Om norsk Naturskadepool».
Naturskadeforsikringsutvalet blei nedsatt i november 2017. Dei elementa i naturskadeforsikringsordninga som no er utgreidd gjeld Norsk Naturskadepool si verksemd. Forsikringsselskap som pliktar å erstatte naturskade, skal vere medlemer i naturskadepoolen. Naturskadepoolen fastset premiesatsen og utliknar forsikringsutbetalingar mellom forsikringsselskapa. I år der naturskadeforsikring går med overskot, blir overskotet sat av som naturskadekapital i rekneskapen til det enkelte selskapet. Naturskadekapitalen tilhøyrer selskapet, men skal berre kunne brukast til dekning av framtidige naturskadar. Ifølgje utvalet utgjer naturskadekapitalen samla ca. 8,5 milliardar kroner no.
Professor emeritus Hans Jacob Bull har leia arbeidet med utgreiinga.
Tid: Onsdag 6. februar kl. 10.00 (oppmøte kl 09.45 for registrering)
Stad: Gullhaug torg 4 A, Nydalen
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Andreas Skjøld-Lorange