Regionalnytt nr 2 2015

Dette innhaldet er meir enn 9 år gammalt.

Denne utgåva av Regionalnytt inneheld mellom anna saker om kommunereforma, nytt regionalt nivå og bustadetablering i distrikta.

Banner Regionalnytt - Nyheitsbrev om regional- og distriktspolitikken

Start samtalane om samanslåingar av fylkeskommunar

Regjeringa foreslår at fylkeskommunane sommaren 2015 innleiar drøftingar av ulike alternativ for å slå seg saman til større regionar.

Målet med samtalane er å vurdere og avklare om det er aktuelt å slå seg saman med eit eller fleire nabofylke. Det blir lagt opp til at fylkeskommunane fattar vedtak om eventuelle samanslåingar hausten 2016.

_____________________________________________

Få med deg trendane innanfor europeisk innovasjons- og regionalpolitikk

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arrangerte i dag 20. mars Seminar om vekst, innovasjon og regional utvikling i Europa.

Seminaret er ope for alle og blir vist på nett-TV. European Policies Research Centre (EPRC) i Skottland har i over 30 år forska på europeisk regionalpolitikk. No er dei i Noreg for å presentere strategiar og verkemiddel for vekst og innovasjon. - Kva har regional utvikling å seie for nasjonal vekst? EPRC peikar på trendar på innanfor innovasjons- og regionalpolitikken og samanliknar Noreg med andre europeiske land. Du kan sjå heile seminaret ved å følje lenka i biletet.

Nett-tv 

Nett-tv Nett-TV: Seminar om vekst, innovasjon og regional utvikling i Europa

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

______________________________________________________________

Utan bustader – ingen vekst og inga næringsutvikling

Kommunen bør ta ei leiarrolle i bustadutviklinga, med ordføraren og rådmannen i spissen. Det er ei av erfaringane frå satsinga «Bustadetablering i distrikta».

Satsinga i dei 12 distriktskommunane har resultert i 299 nye bustader og meir kunnskap om korleis ein oppnår eit variert bustadtilbod i distrikta.

Lyset i auga

– 75 prosent av dei nye bustadene er leilegheiter. Det er bra. Nettopp denne bustadtypen er det mest mangel på i distrikta, og det hemmar mobiliteten. Kvar bueining har i gjennomsnitt fått 207.357 kroner i tilskot. Det er eigentleg svært lite. Vi skal definitivt grave djupare i dette: Korleis har desse kommunane klart å skape nesten 300 nye bustader for 62 millionar kroner? Det seier avdelingsdirektør Adelheid Kristiansen i Husbanken i Bodø.
Ho understrekar kor viktig det er å forankre bustadutvikling i den øvste leiinga i kommunen, både politisk og administrativt.

– Når eg ser det bustadpolitiske lyset i auga på ordføraren og rådmannen, då veit eg at vi vil lykkast. Og omvendt, seier ho. Ho meiner det har vore for mykje fokus på rullering og for lite nyskapande planarbeid, og ho etterlyser bustadutvikling som eit sentralt element i alle kommunale planverk.

– Alle må bu. Det er heilt grunnleggjande. Begynn der! oppfordrar ho.

 

«Bustadetablering i distrikta» gjekk føre seg i perioden 2012 til 2014. Nyleg vart erfaringane frå dei tolv deltakarkommunane summerte opp på ein avslutningskonferanse i Bodø. Ullensvang, Tolga og Hasvik er tre av dei.

Tverrfagleg

Ullensvang herad har hatt stort utbyte av å vere med.

– Vi har fått variasjon i bustadmarknaden, og medan vi før leita etter bustader, har vi no nokre ledige. Intensivert informasjon og rådgjeving frå kommunen har òg auka det private engasjementet, seier prosjektleiar Kjellrun Tveisme.

Ullensvang har ei tverrfagleg bustadgruppe med representasjon frå kommunal eigedom, kommuneplan/arealforvaltning og bustadsosialt arbeid.

– Tverrfaglegheit er ein føresetnad for å utrette så mykje på så kort tid, seier Tveisme.

Hytte + bustad?

Tolga vurderer å kombinere bustadfelt med fritidsbustader.

– Dei som har band til bygda, brukar fritidsbustadene mykje. Dei er der i påska, jula, sommerferiar og langhelger. Mange av dei ynskjer å vere nær sentrum, med gangavstand til butikken og kafeen. Difor ser vi på om det lèt seg gjere å mikse fritidsbustader og vanlege bustader, seier utviklingssjef Knut Sagbakken i Tolga kommune.

Rette vegen

Hasvik kommune har bygt både einebustader, fleirmannsbustader og omsorgsbustader med kommunal finansiering og tilskot frå Husbanken. Den kommunale husleiga er justert opp, slik at fleire private har begynt å leige ut sokkelleilegheitene sine igjen.

– Bustadutvikling er med i alle planane våre. Vi tenkjer heilskap, arrangerer folkemøte og mobiliserer innbyggjarane. Målet framover er fleire private utleigebustader, seier ordførar Eva Danielsen Husby.

Private som skal byggje eigen bustad, får gratis tomt, fritak for tilknytingsavgifter og 100 000 kroner i tilskot. Utanlandske tilflyttarar får gratis barnehageplass dei ti første månadene.

– Vi er ein fiskerikommune som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft. Får vi arbeidarane til å ta familien med seg, er sjansen mykje større for at dei blir verande, seier ordføraren.

Ho konstaterer fornøgd at folketalet har auka frå 934 i 2010 til 1055 i 2015, at barnehagen har gått frå å vere nesten tom til å bli nesten full, og at andrehandsverdien av bustader har auka med 25 prosent på fem år.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

– Kommunen må ta ei sentral rolle i bustadutviklinga! Det er dei einige om, (frå venstre) plan- og strategileiar Bente Olsen Husby og ordførar Eva Danielsen Husby frå Hasvik kommune, planleggjar Kent Håkull og prosjektleiar Kjellrun Tveisme frå Ullensvang herad, utviklingssjef Knut Sagbakken og ordførar Ragnhild Aashaug frå Tolga kommune. (Foto: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken)

 ______________________________________________________________

Vegvisar til design og arkitektur

Nordnorsk senter for design og arkitektur (NODA) vil forandre landsdelen med lokalt forankra kunnskap.

– Det er klart at vi som bur her, må bestemme korleis landsdelen skal formast. Vi vil at utviklinga i Nord-Noreg skal formast på ein berekraftig måte av folk som kjenner kulturen, naturen og klimaet, seier landskapsarkitekt Ann-Kjersti Johnsen. Ho leier Landskapsarkitektforeningen i Tromsø, sit i faggruppa i NODA og er oppteken av at Nord-Noreg må ta tilbake definisjonsmakta. Nord-Noreg har svake tradisjonar for å nytte seg av arkitektkompetanse. Når vi først gjer det, vel vi gjerne nokon sørfrå eller frå eit anna land. Problemet er at naturen og klimaet i nord reiser nokre særlege utfordringar. Du kan vanskeleg overføre arkitektur frå til dømes Danmark eller Italia utan å bli overraska når du ser korleis dette fungerer. 

 

NODA er ein medlemsorganisasjon som vart etablert i oktober 2014, etter eit to år langt forprosjekt initiert og gjennomført av Michele R. Widerøe og stort sett finansiert av INTRO fond for kulturnæring i Tromsø. Prosjektet har òg hatt støtte frå Innovasjon Norge.

Hemmeleg kompetanse

Michele R. Widerøe, som sjølv er utdanna interiørdesignar og kunstvitar for fordjupning i norsk design, kartla interessa for ein samarbeidsarena for design- og arkitekturfeltet.

– Nord-Noreg var klar for ein nøytral arena for å utvikle og formidle fagfeltet. Vi har alt passert 180 medlemer, seier Widerøe, som no er dagleg leiar for NODA.

Formidling er eit viktig stikkord. Ifølgje Widerøe er design- og arkitekturfaga prega av mykje introvert formidling.

– Det er så mykje solid kunnskap, som «ingen» veit noko om. Ein formidlar berre til kvarandre, ikkje til publikum, næringsliv, avgjerdstakarar og offentlege instansar, som verkeleg treng å vite kor viktig design og arkitektur er for utvikling. Arkitekturen har vi rundt oss overalt, i form av bygningar, landskap og uterom. God arkitektur gjer omgjevnadene attraktive og funksjonelle, gjev livskvalitet og sikrar at alle kan vere med. Design påverkar oss kvar einaste dag – det er ikkje berre pynt og noko vi kan prioritere dersom det blir pengar til overs. Design blir brukt som verktøy for innovasjon i helsestellet, næringslivet, samferdsla og industrien. Design omfattar mange ulike retningar, ikkje berre produkt, som vi vanlegvis tenkjer på, men òg emballasje, visuell identitet, tenester og interaksjon, seier ho.

Raffinere landsdelen

Widerøe er førebels åleine på kontoret til NODA.

– Men vi skal vekse. Dette skal bli eit pulserande miljø, seier ho.
På lengre sikt ynskjer Widerøe ei designutdanning i Nord-Noreg.
– NODA vil få opp bestillinga av designtenester, skape eit fagmiljø og medverke til at det finst jobbar til ferdig utdanna designarar. At ungdom må ut av landsdelen for å utdanne seg, gjer dessverre at mange blir verande borte. Det er viktig at vi òg utdannar dei fagfolka vi treng, seier ho.

Siw Bang Larsen leier Grafill i Tromsø, sit i faggruppa i NODA og er designrådgjevar i Innovasjon Norge. Ho synest det er svært positivt at NODA er etablert som eit nordnorsk initiativ, ikkje eit Tromsø-fenomen.

– NODA har alt vore mykje rundt i landsdelen, og fleire aktivitetar og oppdrag er på gang, seier ho.

NODA arrangerer workshops, debattar og utstillingar, der dei engasjerer breie lag av befolkninga, og inviterer til dialog mellom faggrupper.

– Nord-Noreg er full av kvalitetar som vi sjølve kan vere stolte av, og som andre gjerne vil oppleve. For oss er det om å gjere å raffinere og hente ut særpreget på ein berekraftig måte – utan å øydeleggje. Å øydeleggje er dessverre det enklaste som finst, seier Ann-Kjersti Johnsen.

Tekst: Hanne Løkås Veigård / Videofabrikken

- Fagfeltet arkitektur og design er relevant på alle samfunnsområde, seier (f.v.) landskapsarkitekt Ann-Kjersti Johnsen, designrådgjevar Siw Bang Larsen og dagleg leiar for NODA, Michele R. Widerøe. (Foto: Erik Veigård / Videofabrikken) 

______________________________________________________________

Utviklar samarbeidet mellom kommunar og festivalarrangørar

Organisasjonen Norske Konsertarrangørar (NKA) har utvikla eit verktøy og hjelpemiddel for konsertarrangørar som ønskjer å samarbeide enda betre med sin kommune.

- Me samarbeider no med kommunen om utstyr og fasilitetar på ein annan måte. Kommunen forvaltar utstyr når me ikkje brukar det, seier ein av festivalsjefane i Festidalen i Kvinnherad, Bjørn Olav Tveit.

- Vi ser at både kommunar og arrangørar betre kan nå sine mål gjennom betre samarbeid, seier Line Endresen Normann. Ho er dagleg leiar i Norske Konsertarrangører (tidlegare Norsk Rockforbund). I perioden januar til mars 2014 gjennomførte organisasjonen eit prosjekt som skulle gje medvit og auke kompetanse slik at kultur, konsert og festivalaktørar kan vere med i ein felles utviklingsstrategi for kommunen dei verkar i.

Organisasjonen Norske Konsertarrangører organiserer 200 heilårsarrangørar og 100 festivalar i heile landet. Organisasjonen har lenge sett eksempel på at kulturarrangørar og kommunar står skulder til skulder og gir konsertopplevingar til publikum og lokalbefolkning. Samtidig har organisasjonen registrert betringspotensial i samarbeid mellom arrangørar og kommunar.

Arbeidet har munna ut i eit hefte som skildrar ein prosess som kan brukast i samarbeidet mellom arrangørar og kommunar. Seks fasar er skildra i heftet; introduksjon, kartlegging, utveljing, målsetjing, kreativ utvikling og prosjektering. Heftet kan brukast slik det passar i den enkelte kommune.

Identitetsutvikling kan gje tilflytting

Norske Konsertarrangører meiner festivalar kan gjere ein stad meir attraktiv. Målet med heftet er utvikling og omdømme både for konsertarrangør, kommune og lokalsamfunn.

- Me er overtydde om at festivalar med tydeleg identitet gjer mykje med attraktiviteten til ein stad. Det kan gjelde for både besøk og for busetting. Vinjerock vart i år utselt på minuttar nesten utan store namn. Kva hadde Notodden vore utan bluesfestivalen? Roskilde i Danmark er vel kanskje det største eksempelet på at kultur kan gi varig liv til ein liten stad, seier Line Endresen Normann. Ho meiner heftet dei har gitt ut fortel mykje om korleis kulturarrangement kan påverke attraktiviteten til ein stad.

 ______________________________________________________________

Sverige-Noreg: Kunngjer Interreg- prosjekt i april og mai

Styringskomitéane i Interreg VA. Sverige-Noreg gjennomfører prioriteringsmøta sine i april og mai.

______________________________________________________________

Nye rapportar

En region - ett ansikt er en rapport om kunnskapsinnhenting om vekst og samspill i Haugesundregionen. Rapporten er  del av eit større nasjonalt prosjekt som Distriktssenteret leiar på oppdrag frå KMD. 

______________________________________________________________

Kva skjer?

1) Bli med på Drømmeløftet! 
Noreg står overfor fleire store utfordringar. Store globale utfordringar på område som klima, helse og energi og krev eit meir bærekraftig samfunn. Noreg må omstille seg frå eit sterkt petroleumsbasert næringsliv til andre og meir bærekraftige aktivitetar. Dette medfører eit sterkt behov for meir kunnskap, kreativitet og innovasjon, skriv Innovasjon Noreg på sine heimesider, som bakgrunn for arrangementet. Innovasjon Noreg ønskjer eit draumeloft for norsk innovasjon: Eit løft for idear og nytenking fram mot ei bærekraftig framtid. Bli med du òg!

2) Er byen eller staden der du bur Noregs mest attraktive? Send inn ditt forslag før 23. mars
Prisen «Attraktiv by: Statens pris for bærekraftig by- og stadutvikling» skal framheve og gje heider til små, mellomstore og store byar. Men også eit mindre område, ein bydel eller eit område som strekker seg ut over kommunegrensa kan få prisen.

3) Drammenskonferansen, 25. mars, Drammen.
Tema for konferansen er Den nye byen. Kommunereforma opnar for å tenke nytt rundt kommunen si rolle i samhandlinga med andre aktørar i byutviklinga. Konferansen vert arrangert av Drammen kommune, Husbanken, NMBU og Insam. Konferansen er retta mot leiarar og fagpersonar, som arbeider profesjonelt med by- og stadutvikling innan offentleg og privat sektor.

4) Utviklingsprogrammet for for byregionar fase 2, søknadsfrist 1. mai.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet lyser ut inntil 91,5 mill. kroner for heile perioden 2015–2017 til fase 2 av utviklingsprogrammet for byregionar. Midlane vert lyste ut for tre år med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak. Søknadsfrist er 1. mai 2015.

5) Sivanett 2015, 5. mai, Trondheim.
Rom til å vekse er tema for årets konferanse. Sivanett ønskjer å utforske dei fysiske, kulturelle og kreative romma der innovasjon oppstår. Sivanett legg opp til tre parallelle løp, som dekker eit breidt spekter av tema knytt til innovasjon og nyskaping.

6) URBACT City Festival, 6. – 8. mai, Riga, Latvia.
URBACT arrangerer sin eigen byfestival der tema er bærekraftig byutvikling og korleis Interreg-programmet arbeider for byregionane i Europa. Det blir workshops, førelesningar, TED Talks, idé-verkstader og walk-shops. Festivalen rettar seg mot prosjektaktørar, avgjerdstakarar og politikarar, som jobbar med byutvikling på lokalt, regionalt, nasjonalt eller internasjonalt plan, forskingsinstitusjonar, representantar frå byar og organisasjonar.

7) Metodeworkshop for kommande evaluering av ordninga med differensiert arbeidsgeveravgift", 19. mai, Gardermoen.
Meir informasjon kjem i neste Regionalnytt.

8) Stadutvikling i nord, 20.-21. mai, Tromsø (pdf).
Tema for konferansen er klima- og miljøvennlig stadutvikling, stadutvikling i praksis, utfordringar i framtida, samt design og arkitektur som verkemiddel i stadutvikling. Konferansen er retta mot blant anna politikarar, samfunnsutviklarar, tilsette i kommunar, fylkeskommunar og stat. Arrangørar er Forum for stadutvikling, Troms fylkeskommune og Statens vegvesen Region nord.

9) Regionale forskingsfond årskonferanse 2015, 27. – 28. mai, Oslo.
Tema på konferansen er blant anna suksesshistorier frå fondsregionane, innovasjon i offentleg sektor og formidling av forskingsresultat. Konferansen passar for alle som arbeider med innovasjon i bedrifter, offentleg sektor og forskingsmiljø, politikarar og verkemiddelapparatet.

10) Open days, 12. – 15. oktober, Brussel. 
Open Days i Brussel er EUs «massemønstring» for verdsdelen sine byar og regionar. Årets overbyggande tema er  Europa sine regionar og byar: partnarar for investering og vekst. Open Days- konferansen består av meir enn 100 seminar og verkstader.

______________________________________________________________

Lenker til andre nettsider og nyheitsbrev  

___________________________________________________________________________________________________________

Om Regionalnytt

Utgive av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Regionalpolitisk avdeling.  Ansvarleg redaktør: Ekspedisjonssjef Hallgeir Aalbu Redaktør: Seniorrådgjevar Linda Sjåstad Andreassen Redaksjonsmedarbeidarar: Halvard Lægreid og Beate Solem 

E-post: regionalnytt@kmd.dep.no 

Av- og påmelding