Historisk arkiv

Regjeringa vil endre mediestøtta for å sikre langsiktig og føreseieleg finansiering

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil etablere faste, langsiktige økonomiske rammer for NRK og den direkte mediestøtta, for å gi mottakarane meir føreseielege vilkår og større sjølvstende. Regjeringa opprettar også eit uavhengig mediestøtteråd for å sikre og styrkje prinsippet om armlengds avstand.

 

Nett-tv Kulturministeren presenterer mediestøttemeldinga

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

– I ei tid med raske endringar er det avgjerande for mediebransjen at ein ser dei politiske verkemidla i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Fredag presenterte kulturministeren stortingsmeldinga Mangfald og armlengds avstand – Mediepolitikk for ei ny tid

– Ved å samle mediestøtta i éi ordning, legg vi til rette for meir føreseielege økonomiske rammer samtidig som vi styrkjer prinsippet om armlengds avstand. Politiske avgjerder om mediestøtte bør vere tufta på overordna omsyn som ligg fast over fleire år. Dette vil fremje balansen mellom nasjonale og lokale medium, mellom kommersielle og offentleg finansierte medium, og mellom etablerte og nye medium. For å vareta og styrkje prinsippet om armlengds avstand vil vi opprette eit uavhengig råd, Mediestøtterådet, som skal ha ansvar for den direkte mediestøtta, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

Trine Skei Grande intervjues av Medier24
Foto: Ida Andersen / Kulturdepartementet

Styrkjer lokalaviser

På same vis som Mediemangfaldsutvalet, ønskjer regjeringa å omfordele den direkte mediestøtta til fordel for lokale medium. Lokale medium er viktige for lokaldemokratiet. Det er derfor viktig å behalde eit finmaska nett av lokale nyheitsmedium, og regjeringa ønskjer å satse på lokalt mangfald.

Eit nytt, supplerande mål for den direkte mediestøtta, er at ho skal leggje til rette for lokale medium i heile landet. Regjeringa vil unngå "kvite flekkar" geografisk ved å sørgje for omfordeling til små, lokale aviser. Regjeringa vil starte omlegginga frå 2020 i dialog med bransjen. Frå 2021 vil Mediestøtterådet vidareføre denne fordelinga.

Fjernar lisensavgifta

Regjeringa foreslår også endringar for NRK. Dei siste åra har utviklinga i teknologi og medievanar utfordra finansieringa av NRK, og vi ser, også i dei andre nordiske landa, at dagens lisenssystem ikkje er tilpassa tida vi lever i. Eit sterkt NRK med breitt innhald av høg kvalitet er eit av våre viktigaste mediepolitiske verkemiddel. Men det krev ei stabil og god finansiering. Stadig færre eig eit TV-apparat, og dermed blir også kringkastingsavgifta mindre relevant. Regjeringa foreslår derfor å fjerne kringkastingsavgifta og finansiere NRK over skattesetelen. Finansieringsmodellen regjeringa foreslår, har ein tydeleg sosial profil samtidig som den varetar og styrkjer NRK sin økonomiske føreseielegheit.

– Vi skal ha ein sterk allmennkringkastar, men vi må òg passe på at NRK ikkje svekkjer grunnlaget til dei andre medieaktørane. Vi legg til eit punkt i NRK-plakaten om at NRK skal ha særskilt ansvar for å dekkje tema og geografiske område med låg merksemd, seier statsråd Grande.

– Redaktørstyrte medium er grunnleggjande i eit fritt og demokratisk samfunn. Ytringsfridomen er både grunnlaget og målet for mediepolitikken. Tiltaka i mediestøttemeldinga skal leggje til rette for ei opplyst offentlegheit og bidra til at media kan halde fram samfunnsoppdraget sitt i ein digital mediekvardag. Vi treng ei uavhengig presse som kan stille spørsmål og krevje svar, seier Grande.

– Demokratiet og ytringsfridomen er under press mange stader. Ein styrke ved det norske samfunnet er at vi har høg tillit til kvarandre, til det offentlege og til media. Med ei  framtidsretta mediestøtteordning skapar vi mediepolitikk for ei ny tid, der mangfald, armlengds avstand og uavhengigheit er grunnleggjande prinsipp, avsluttar statsråden.