Historisk arkiv

Regulering av fisket etter blåkveite i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2009.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av blåkveitefisket for 2009.

Omsynet til bestanden gjer at det framleis er forbode å drive direktefiske etter blåkveite, bortsett frå eit avgrensa kystfiske.

I 2009 kan kystflåten drive eit direktefiske etter blåkveite i to periodar. Første periode blir på fem veker frå 25. mai til og med 28. juni, og andre periode blir på tre veker frå 10. august til og med 30. august. Kystfisket vert som tidlegare regulert med maksimalkvotar på 10, 12 og 14 tonn i 2009, avhengig av lengda på fartøyet. Eigar av fartøy kan ikkje delta i direktefisket med meir enn eitt fartøy.

Til skilnad frå tidligare vil det enkelte fartøy kunne delta i begge periodane, det vil seie i opptil åtte veker. Med relativt små maksimalkvotar vert dette vurdert til å vere forsvarleg. Dette vil kunne redusere fisketrykket i den enkelte perioden, og tar større omsyn til varierande fiskemoglegheiter og tilgang langs kysten. Dette vil også legge til rette for betre utnytting av svingingar på marknadssida.

Dei som ønskjer å delta i fisket må melde seg på skriftleg til Norges Råfisklag eller Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag før dei startar fisket sitt. Listene over påmelde fartøy vert offentleggjorde.

For fartøy som ikkje har løyve til å delta i det direkte fisket, eller i periodar når det direkte fisket ikkje er ope, kan mengde blåkveite ikkje overstige 7 % ved fiske etter andre fiskeslag.

Bifangst av blåkveite på årsbasis for den enkelte trålaren er avgrensa til maksimalt 4 % av summen av fartøykvotane for torsk, hyse og sei, men fartøyet kan likevel ikkje ta meir enn 40 tonn blåkveite som bifangst i 2009. Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskapar har også eit bifangsttak på 40 tonn.

Kontakt: Ekspedisjonssjef, Johán H. Williams, 22 24 64 40
               Avdelingsdirektør Sverre Johansen,  22 24 64 47