Historisk arkiv

Regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter reker i Nordsjøen og Skagerrak i 2009. Den norske totalkvoten for 2009 er på 9731 tonn, med 4316 tonn i Nordsjøen og 5415 tonn i Skagerrak. Kvotene i 2009 er uendra frå 2008.

Reguleringane for inneverande år vert i hovudsak vidareførde i 2009. Det inneber at den samla kvoten kan fiskast over tre periodar. I den første perioden fram til 30. april kan 40% av den samla kvoten fiskast, i dei to neste periodane 30% i kvar periode. Maksimalkvoten for det einskilde fartøyet er sett til 50 tonn i første periode og 40 tonn i kvar av dei etterfølgjande periodane. Fiskeridirektoratet vil følgje utviklinga i fisket og vurdere ei auking av maksimalkvotane om det er naudsynt.

Fartøy under 20 meter største lengde kan halde fram fisket innanfor eit garantert kvantum på 7 tonn i kvar av dei tre periodane, sjølv om periodekvotane er oppfiska.
Det einskilde fartøy sitt fiske er avgrensa til 6 tonn reker per tur, noko som er ein auke frå 5 tonn i 2008. Helgedagsfredinga vert vidareført.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
               Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47