Historisk arkiv

Regulering av sildefisket i sør i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2009.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2009.

Bestanden har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. Noreg og EU har difor utarbeida ein ny forvaltningsplan etter råd frå det internasjonale råd for havforsking (ICES). Basert på den nye forvaltningsplanen vart partane einige om ein kvote på 171 000 tonn i 2009, noko som er ein nedgang på rundt 30 000 tonn frå 2008. Den norske kvoten i Nordsjøen er på 49 590 tonn i 2009. I tillegg kommer 5032 tonn i Skagerrak. Etter at det er overført sild til andre land og sett av eit kvantum til forsking og undervisning, vert kvoten norske fiskarar kan hauste 51 980 tonn i Nordsjøen og Skagerrak i 2009.

Nedgangen i kvoten er i tråd med den nye forvaltningsplanen, og var naudsynt av omsyn til bestanden. ICES har vurdert forvaltningsplanen til å vere berekraftig.

Den norske kvoten er fordelt med 7000 tonn til kystfartøygruppa, 3639 tonn til trålarane og 41 342 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin kvote tilfell 2481 tonn fartøy i SUK-gruppa.

Fisket for fartøy i lukka gruppe i kystgruppa vert regulert med maksimalkvotar, men med ein garantert kvote i botnen. Kvotane er differensierte, og varierer frå 7,3 tonn for dei minste og opp til 116,8 tonn for dei største fartøya. Fartøy i opa gruppe kan fiske inntil 5 tonn innanfor ei avsetning på 200 tonn, medan fartøy som fiskar med garn kan fiske inntil 10 tonn innanfor den same avsetninga. Av kvantumet til kystfartøygruppa  er det også sett av  500 tonn til låssettingsfiske innafor grunnlinjene i Skagerrak.

Det frå 1. januar 2009 opna for at trålarane kan fiske sin gruppekvote i eit direkte fiske etter sild, i tillegg til at sett av 1000 tonn frå gruppekvoten til bifangst. Direktefisket vert regulert med fartøykvotar baserte på bruttotonnasjen til fartøyet den 31. desember 2001. Trålfisket må som tidlegare gå føre seg i Nordsjøen.

For ringnotflåten vert det eksisterande reguleringsopplegget vidareført, bortsett frå  at høvet til å fiske 30% av Skagerrak-kvoten i Nordsjøen no er redusert til 20%.


Kontakt: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
               Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47