Historisk arkiv

Rettar opp utilsikta følgjer av nye uførereglar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Uførereforma i 2015 førte til at uførepensjon frå folketrygda blei erstatta av ny uføretrygd. Regjeringa sender no på høyring forslag om å rette opp i enkelte utilsikta konsekvensar av reforma.

I alt er det snakk om tre forslag:

  • Ei presisering av reglane i folketrygdlova om at uføretrygda kan revurderast dersom det har skjett ei vesentleg endring i dei forholda som låg til grunn for godkjenninga av trygda. Fleirtalet av sakene der det skjer ei endring i inntektsevne etter godkjenning av uføretrygd skal likevel framleis behandlast etter dagens reglar (sjå folketrygdlova § 12-14 hos Lovdata). Dette inneber at den fastsette uføregraden blir behalden og at det berre er storleiken på uføretrygda som blir justert på bakgrunn av endringar i den pensjonsgivande inntekta.
  • Ein særregel for å vurdere inntektsevna som skal hindre at sjølvstendig næringsdrivande i enkelte tilfelle kan få ei utilsikta høg opptening når uføretrygda skal bereknast.
  • Ei språkleg presisering i reglane for unge uføre under 26 år, som tydeleggjer krava for å få høgare minsteyting som ung ufør.

Høyringsfristen er 22. april.