Historisk arkiv

Road Alliance: Noreg ønskjer klare reglar, betre arbeidsvilkår og tryggare vegtransport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Det er viktig å fremme norske posisjonar i EU-systemet. Eg er oppteken av å bruke dei kanalane vi har til å påverke utviklinga av regelverket som gjeld vegtransport. I lag med dei andre landa i Road Alliance vil vi sikre ein meir rettferdig konkurranse, innføre betre køyre- og kvitetidsordningar og hindre sosial dumping, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Fleire omstridde forslag frå EU-Kommisjonen om nye reglar for vegtransport blei diskutert på eit ministermøte i Road Alliance i Brussel 12. november. Desse omfattar nye reglar for marknadstilgang (kabotasje), køyre- og kviletid/arbeidsvilkår, fartsskrivar og kontroll av arbeidstid, og utsending av arbeidstakarar.

På vegne av Noreg deltok statssekretær Tommy Skjervold (FrP) på møtet, som resulterte i ei ministererklæring. Her understrekar landa i Road Alliance at ein må løyse problema i vegtransport som er knytte til mellom anna kabotasje og urettferdig konkurranse.

Alliansen meiner det er svært viktig at dei nye, smarte fartsskrivarane blir innførte så raskt som mogleg i både nye og eksisterande kjøretøy. Alliansen peikar òg på at det er viktig med klare reglar som det er mogleg å handheve. Regelverket må òg gi betre leve- og arbeidsforhold for sjåførar og fremme trafikksikkerheit.

Viktig for å fremme norske interesser

For Noreg er Road Alliance eit viktig forum for informasjon og medverknad inn mot EU. Dei vesteuropeiske landa Austerrike, Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Hellas, Italia, Luxembourg, Sverige og Sveits er med i alliansen, medan Nederland deltek som observatør. I lag med dei andre landa i Road Alliance arbeider Noreg for at nye EU-reglar som gjeld vegtransport skal redusere moglegheitene for misbruk og svindel.

Gjennom arbeidet i Road Alliance blir norske interesser fremma. Synspunkta som regjeringa legg fram, er utarbeidde i dialog med norske arbeidsgjevar- og sjåførorganisasjonar.

Frå norsk side er klare reglar og  effektiv handheving framheva som viktig .  Det bør vere krav om at alle internasjonale transportar som er omfatta av køyre- og kviletidsreglane, skjer med køyretøy som er utstyrte med ein ny type fartsskrivar så snart som mogleg. Dette vil gjere arbeidskvardagen for sjåførane enklare og gi ein meir effektiv kontroll av mellom anna kabotasjereglane.

- Vi er imot å gi  unntak frå forbodet mot normal vekekvile i køyretøya. Det bør òg vere ein klar regel om at føraren skal reise heim minimum kvar fjerde veke. Desse krava er viktige for både transportsikkerheita og for å leggje til rette for ein meir rettferdig konkurranse i marknaden, seier samferdselsministeren

Regjeringa ønskjer ikkje liberalisering av kabotasjeregelverket. Lastebilar som blir nytta  i kabotasje bør ha ei form for karantenetid før dei kan køyre nye kabotasjeoppdrag.

Det er òg viktig å sikre  at vegtransportetappa av kombinerte transportar ikkje blir nytta til å omgå kabotasjereglane. Ein må difor  sjå desse reglane i samanheng med både kabotasjereglane og reglane om utsending av arbeidstakarar.

Vidare framdrift

Det austerrikske formannskapet legg opp til behandling av forslaga i Rådet i desember. Tidspunktet for behandlinga i Parlamentet er foreløpig uviss. Både Rådet og Parlamentet må bli samde om ein posisjon før dei kan starte forhandlingar med Kommisjonen. Det er difor for tidleg å seie korleis det endelege regelverket blir utforma.

For fleire opplysningar – sjå:

Erklæring frå Road Alliance av 12. november 2018.