Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Konkurranse i kollektivtransporten - på like vilkår

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein anbodskonkurranse blir vunnen ved innsparingar som kjem av at eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråver blir skuvd heilt ut av arbeidsmarknaden. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag fekk overlevert rapporten "Anbud, virksomhetsoverdragelse og ansettelsesforhold i lokal kollektivtransport" frå Transportøkonomisk institutt.

- Eg vil ikkje ha ordningar som gjer at ein anbodskonkurranse blir vunnen ved innsparingar som kjem av at eldre arbeidstakarar med høgt sjukefråver blir skuvd heilt ut av arbeidsmarknaden. Det er heller  ingen gevinst for samfunnet samla sett,  dersom innsparinga ved eit anbud skjer som følgje av at ein svekkjer løns- og arbeidsvilkåra for vanlege arbeidstakarar.  

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at ho i dag fekk overlevert rapporten "Anbud, virksomhetsoverdragelse og ansettelsesforhold i lokal kollektivtransport", TØI rapport 860/2006.  Rapporten er utarbeidd av Transportøkonomisk institutt, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

- Den førre regjeringa sette i gang ei kartlegging av dei ulike kjøps- og kontraktsformene i lokal rutebildrift. Oppdraget tok ikkje for seg konsekvensane for trafikantane og dei tilsette i rutenæringa, men såg ganske islolert på om omlegging til anbod ga innsparingar i dei fylkeskommunale budsjetta. Regjeringa fekk difor i fjor i gang arbeid med å utgreie korleis anbod påverkar vilkåra for dei tilsette, og korleis anbod verkar når det gjeld rutetilbod og kostnader knytt til sjølve administrasjonen av anbodsordninga.

- Den  rapporten som vart lagd fram i dag skal no følgjast opp med ei ny utgreiing, med sikte på å få til eit regelverk som sikrar at dei tilsette -  i tilfelle anbodskonkurranse -  skal ha eit vern som svarar til det vernet og dei reglane i arbeidsmiljøloven som gjeld ved overdraging av verksemder. I tillegg er Transportøkonomisk no i ferd med å sjå nærmare på kva for verknader konkurranseutsetting har når det gjeld utforming, omfang og kvalitet i rutetilbodet. Denne siste rapporten kjem mot slutten av året, og rapporten vil dessutan mellom anna sjå nærmare på endringane i pensjonsvilkåra til dei tilsette i rutenæringa, seier samferdselsministeren.

 

Til redaksjonen

For fleire opplysningar – sjå : "Anbud, virksomhetsoverdragelse og ansettelsesforhold i lokal kollektivtransport", TØI rapport 860/2006