Historisk arkiv

Samferdselsministeren vil ha meir infrastruktur for pengane i ny Nasjonal transportplan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) 2022-2033 er i startfasen. Samferdselsminister Jon Georg Dale sender no transportetatane eit tydeleg oppdrag: Nytten av investeringane skal aukast, kostnadane skal ned og ny teknologi skal på plass.

– Satsinga på samferdsel held fram med full styrke. I komande Nasjonal transportplan vil regjeringa investere i ny infrastruktur, ta vare på det vi har og ta i bruk ny og moderne teknologi for å skape gode bu- og arbeidsregionar og få varer og tenester fram til marknaden, seier samferdselsministeren.

Ein meir effektiv samferdselssektor

Regjeringa har gjennomført fleire store reformer i samferdselssektoren. Dette har opna for betre organisering, auka konkurranse, eit betre tilbod til kundane  og bruk av ny teknologi.

– Samferdselsektoren er no godt rusta til å effektivisere innsatsen. I oppdraget til etatane og verksemdene våre legg eg vekt på at det skal tas nye grep for å få meir infrastruktur ut av kvar samferdselskrone. Noreg må mellom anna bli ein pionernasjon i å bruke digitalisering og ny teknologi – både til å bygge ut og drifte infrastrukturen betre og med lågare kostnad, men også til å auke kapasiteten i transportsystemet.

Dette seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at han har sendt eit oppdragsbrev til etatane og verksemdene som arbeider med ny NTP. Den nye transportplanen for perioden 2022-2033 vert lagt fram 2021. Dagens NTP vart lagt fram våren 2017.

Optimal bruk av resursane - alle NTP-prosjekt må tåle kritisk blikk

Oppdragsbrevet gjer det klart at alle prosjekt som skal vere del av ny NTP først skal vere nøye rekna på, med vekt på å finne fram til optimal bruk av resursane. I tillegg skal etatane og verksemdene vurdere korleis ny teknologi kan effektivisere transportsystemet.

– Vegdirektoratet, Nye Veier, Jernbanedirektoratet, Kystverket og Avinor skal til sommaren legge fram dei første resultata av dette arbeidet. Eg er trygg på at kostnadane går ned og at vi får fram gode og innovative løysingar på dei høgast prioriterte utfordringane, seier Dale.

Nye regionar

Noreg får snart nye og større regionar, med nye oppgåver og utvida ansvar. Samferdselsministeren seier at dei folkevalde må tidleg inn i arbeidet med ny NTP:

– Dei nye regionane må gjere reelle prioriteringar, og finne ut kva for utfordringar det er viktigast å løyse. Ein god heilskap i transportsystemet skapar gode bu- og arbeidsregionar og legg til rette for auka konkurransekraft for norsk næringsliv. Vi har mange utfordringar og vi må prioritere dei løysingane som har størst nytteverdi for folk og næringsliv og som hjelper oss å nå klimaforpliktingane Noreg har teke på seg, seier Dale.

Brev til - og svar frå - transportetatane, Avinor, Nye Veier, Sametinget, KS

Meir om Nasjonal transportplan