Sanner på besøk til Ålesund og Molde 6. mai
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Nyheit | Dato: 03.05.2019
I Ålesund ønskjer Sanner å sjå gode eksempel og ha dialog om korleis barnehagar og skolar arbeider med tidleg innsats for å fange opp barn som strevar.
Tidleg innsats er eit av dei viktigaste satsingsområda til regjeringa. I dag får for mange barn hjelp for seint, og for mykje av hjelpa blir gitt av ukvalifiserte. Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding om tidleg innsats.
I Molde besøker Sanner ungdomsbedrifta Evolant UB på Romsdal videregående skole.
Program for dagen:
10.00 –11.15 |
Besøk Skarbøvik ungdomsskole Statsråden møter elevar og tilsette ved skolen for dialog og omvising. Skolen jobbar godt med tidleg innsats og spesialundervisning. Adresse: Skarbøvikgata 60, Ålesund |
11.30 – 12.15 |
Besøk på Atlanterhavsparken Adresse: Tueneset, Ålesund |
14.15 – 15.15 |
Besøk på Romsdal videregående skole. Statsråden møter elevar og lærarar på Innovasjon og leiing, blant anna ungdomsbedrifta Evolant UB, som nyleg vart kåra til Noregs beste ungdomsbedrift. Dei har funne opp eit produkt som reduserer skadeomfang av ulykker til sjøs. Adresse: Langmyrvegen 83, Molde |
Pressa er velkomen og det blir høve til å intervjue statsråden.
Kontakt:
Kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet
Cathrine Slaaen på mobil 97677247 eller pr. e-post casl@kd.dep.no