Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Midlar til gang- og sykkelvegar aukar med 90 prosent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har som mål at flest mogleg skal velje sykkel som framkostmiddel, særleg til og frå arbeid. Difor følgjer vi opp lovnaden frå Soria Moria, og nær doblar dei samla midlane til gang- og sykkelvegar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Regjeringa har som mål at flest mogleg skal velje sykkel som framkostmiddel, særleg til og frå arbeid. Difor følgjer vi opp lovnaden frå Soria Moria, og nær doblar dei samla midlane til gang- og sykkelvegar, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa legg fram forslag om at det skal nyttast i alt 590 millionar kronar til tiltak for gåande og syklande i 2008, medrekna 250 millionar kroner i bompengar. Dette er ein auke på 280 millionar kroner eller 90 prosent i forhold til 2007. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle av bompengar.

Det vil neste år bli bygd  gang- og sykkelvegar over heile landet. Her er nokre døme: I Oslo kjem ein ny og betre gang- og sykkeltrasé langs riksveg 150 Ring 3 mellom Nydalen og Storo. På riksveg 55 Håland - Austrheim i Sogn, skal 10 millionar kroner brukast til å forlengje ein eksisterande gang- og sykkelveg, som vil gi trygg skoleveg frå eit bustadfelt. Langs E6 Jensbakken – Grytting i Oppland skal ein bruke 7,3 millionar kroner på eit prosjekt som bind saman Grytting og Harpefoss.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2008 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsidene våre om statsbudsjettet