Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Riksvegferjetenester: Nær 1,6 milliardar kroner - og betre rabattordningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 547,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester i 2008. Dette er ein auke på 83 millionar kroner eller 5,7 prosent, samanlikna med saldert budsjett for 2007.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 547,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester i 2008. Dette er ein auke på 83 millionar kroner eller 5,7 prosent, samanlikna med saldert budsjett for 2007.
 
Regjeringa gjer framlegg om å auke rabattsatsen for sonekort og verdikort for køyretøy, frå 45 prosent til 50 prosent frå 1. mai 2008. Med denne auken og gjennomført auke i 2006, vil det dermed vere lagt til rette for ein vesentleg lette i transportkostnadene for folk og næringsliv som jamleg må nytte ferje.

I budsjettforslaget blir det vist til at det kan vere mogeleg å auke kapasiteten i enkelte samband. - Det endelege rutetilbodet vil vere avhengig av resultatet frå forhandlingane mellom Statens vegvesen og ferjeselskapa. Samferdselsdepartementet vil vere særleg merksam på situasjonen med gjensitting på samband i Møre og Romsdal og Nordland, går det fram av forslaget.       

Samferdselsdepartementet legg til grunn ein takstauke på 4,3 prosent frå 1. januar neste år.

Utgreiing om gratis ferje

Samferdselsdepartementet har fått utført førebelse utgreiingar om moglege ordningar med gratis ferje. Vurderingane tar for seg ulike alternativ, frå ordning med  gratis ferje på alle samband til ordning med gratis ferje berre på dei minst trafikkerte og lengste sambanda.

- På grunn av sterk trafikkauke vil spørsmålet om gratis ferjer bli vurdert saman med behovet for auka frekvens og kapasitet på fleire samband. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2008 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak - sjå nettsidene våre om statsbudsjettet